Lokal | 29. juni 2020

Fann full mann som søv i Mobergsvikjo

Politiet har òg fått melding om påkøyrd hjort og mistenkt mann for å køyra med falsk skilt.

Fann full mann som søv i Mobergsvikjo
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2020 08:02

Klokka 02 natt til søndag fann politiet ein rusa mann på bakken utanfor Oseana.

– Vedkomande såg ut til å ikkje kunna ta vare på seg sjølv, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Men mannen, som er i starten på 20-åra, kom etterkvart til hektene, og blei køyrd heim av patruljen.

Mistenkt for falske skilt

Søndag litt før klokka 07 kontrollerte politiet ein bil på Søre Neset.

– Skilta i front såg ut til å vera falske. Bileigar, ein mann i starten på 20-åra, sa det var ein firmabil, og at skilta skulle vera ok.

– Han fekk litt tid på seg til å framskaffa dokumentasjon, om ikkje denne er tilfredsstillande blir det oppretta sak.

Påkøyrd hjort i Strøno

Klokka 09.45 søndag fekk politiet melding om påkøyrd hjort i Strøno.

Meldar fortel om knekt høgre sidespegl, og at hjorten såg ut til å vera uskadd då den sprang inn i skogen saman med ein annan hjort.

Viltkontakt blei varsla.

Reagerte på båtførar i Ervikane

I 12.30-tida søndag fekk politiet melding frå ein båteigar som låg til kai i Ervikane.

– Han hadde hjelpt ein annan båt med å ta imot feste og få ut dregg. Båtførar verka uvant med båt, og gjekk frå staden då båten var fortøydd. Meldar reagerte, og ba politiet undersøka om båten var meldt stolen.

Politiet har så langt ikkje funne teikn på at båten er stolen, men etterlyser eigar på ein annan båt, som har lagt lenge til kai i Os hamn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.