Lokal | 31. mai 2017

Fann «mystisk» mynt utanfor døra si

Politiet trur dette kan vera ein måte å merka av hus i forkant av innbrot.

Fann «mystisk» mynt utanfor døra si
Etter 13 innbrot på Vestlandet i helga, og fleire funn av myntar som kan vera merking, kjem politiet med åtvaring. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2017 07:15

Politiet i Sogn og Fjordane gjekk i går ut med ei åtvaring etter at fleire personar i Florø hadde funne ein mynt utanfor huset sitt.

Merking av bustadar er ikkje uvanleg i forkant av innbrot, og det har vore 13 innbrot på Vestlandet berre i helga.

– Vi veit ikkje kva dette er, men det er verdt å følgja med, anten det er snakk om myntar på trappa eller gule lappar på postkassen, sa politiet i Sogn og Fjordane til NRK i går.

Også i Os har politiet fått melding om funn av mynt på trappa.

– Ein person som bur i Solbakken kontakta oss i går og fortalte om funn av mynt på utsida av døra, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.