Fann tjuvgods og narkotika
Ein mann er mistenkt for innbrotet i påsken. To andre blei i går tatt med narkotika og brukarutstyr.
Onsdag for ei veke sidan fekk politiet melding om innbrot i ein leilegheit i Os.
Tjuven hadde tatt seg inn ei terrassedør. Ein TV var sakna frå huset.
– Etter ein del etterforsking var vi i går på ransaking på fleire adresser, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Politiet fann den stolne TV-en og en mann på rundt 30 år er mistenkt for innbrotet.
To narkofunn
I 13-tida i går blei ein mann tatt i Os sentrum. Han hadde hasj og ei sprøyte på seg, og får eit forelegg.
I 1.30-tida i natt blei ein annan person sjekka av UP på Halhjem. Også der blei det funne narkotika.
– Begge er menn som politiet kjenner godt til frå før, men ingen av dei er frå Os, fortel Rastad.