Korona | 19. aug. 2021

Får 3.500 ekstradosar - snart er det 16-åringane sin tur

Vurderer å trappa opp til vaksinasjon fem dagar i veka - og ute på skulane.

Får 3.500 ekstradosar - snart er det 16-åringane sin tur
– No gjeld det å få andre dose ut til flest mogleg, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. aug. 2021 10:58

Fredag fortalte regjeringa at Noreg får 1.000.800 fleire dosar med vaksine enn venta.

Vaksinen er frå Moderna, og kjem også til Bjørnafjorden kommune.

– Vi får 350 hetteglas, med 10 dosar på kvart glas, fortel assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Dette er i tillegg til det som kjem frå Pfizer.

– Undersøkingar viser at det går fint å ta dose to med Moderna sjølv om du fekk Pfizer som dose éin. Moderna ser dessutan ut til å hjelpa endå litt betre mot deltavarianten, virusvarianten vi no har blant oss.

Det kan koma godt med, i Bjørnafjorden kommune har vi 53 smitta dei siste to vekene.

Det starta med ungdom som hadde vore på fest, no ser det ut til at fleire vaksinerte i foreldregenerasjonen er smitta.

– Nettopp derfor vil vi ha ut dose to snarast. Då får vi både bremsa smitten og dei vaksinerte blir endå betre beskytta mot sjukdom, om dei blir smitta.

Bjørnafjorden kommune er no oppe i 90 % som har fått dose 1 og 50 % som har fått dose 2.

Med 3.500 dosar, ved sidan av det som kjem frå Pfizer, har kommunen brått kome i ein ny situasjon.

– No er det ikkje leveransane det står på lenger, men oss - kor fort vi kan få sett desse dosane.

Kommunen vurderer no å opna for vaksinasjon kvar dag, måndag til fredag.

– Det blir i så fall ikkje i neste veke, men veka etter.

Kommunen reknar med å ha fullvaksinert alle innan 2-3 veker.

Du kan ikkje sjølv velja kva variant du vil ha, men du får naturlegvis veta kva du får.

I går opna regjeringa for vaksinasjon av 16- og 17-åringar.

– Eg fekk brev om dette i dag. Det er også noko vi vil førebu oss på og diskutera i møte i dag.

Dette gjeld både dei som er fylt 16 og 17 år og dei som fyller 16 år i løpet av 2021.

– Er det mogleg å ta dette ute på skulane, at ikkje elevane må vekk frå skulen og skaffa transport til og frå Oshallen?

– Det skal diskuterast, men det er noko eg ser ville vore ein praktisk fordel for mange.

– Det er få skular det handlar om, og vi har sjanse å flytta oss med mannskap og utstyr, seier Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.