Korona | 18. aug. 2021

Innfører to lokale tiltak

Nye reglar for barnehage og skule.

Innfører to lokale tiltak
Kommuneoverlege Klaus Melf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2021 18:40

Som varsla i formiddag, etter to dagar på rad med ti nye smittetilfelle, ville kommunal kriseleiing i ettermiddag diskutera lokale tiltak.

No informerer Bjørnafjorden kommune om to endringar;

1. Barnehage og grunnskule går til gult nivå på trafikklysmodellen. Vidaregåande skular er allereie på gult nivå.

2. Karanteneordning for unge under 18 år blir vidareført. Det betyr at nasjonale retningslinjer frå 16. august, som opnar for testing som erstatning for karantene, ikkje gjeld i Bjørnafjorden.

Dette gjeld frå snarast råd og seinast frå fredag 20. august. Barnehagane og skulane vil sjølv informera tilsette og føresette om tidspunkt og konsekvens.

I utgangspunktet skal forskrifta gjelda til 31. august.

– Det er leit å måtta innføra strengare smitteverntiltak så raskt etter oppstart i barnehagar og skular, men det er dessverre nødvendig i den situasjonen vi er i, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Vi vurderer karantene som langt sikrare enn testing slik situasjonen er no.

Les meir om forskrifta, som er under utarbeiding, på kommunen si heimeside.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) blei i går intervjua av VG i samband med den nye forskrifta. Der stiller ho seg kritisk til regjeringa si forskrift, med testing i staden for karantene - og fortel at det går på kapasiteten laus når det samtidig skal vaksinerast i auka tempo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.