Næringsliv | 22. okt. 2010

Får bygga hyblar

Fossen, som i si tid var første industribygg i Os, har fått bruksendring frå skule til hybelhus.

Får bygga hyblar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. okt. 2010 13:16

Plan- og bygningsutvalet godkjente i går, med 5 mot 3 stemmer, søknad om bruksendring frå undervisningsbygg til hybelhus i Borgavegen 43. Eigar, Per Kristian Hægland, får med det dispensasjon frå arealdelen til kommuneplan for å innreia sju hyblar i bygningen som dei siste 10 åra har vore Lundefossen skule.

- Vi har nokre leigetakarar som driv næring i kjellaren og bygningen ut mot vegen kjem framleis til å vera lager. Men dei øvste etasjane i bygningen blir hyblar, seier Per Kristian Hægland.

Klok hest
Familien Hægland etablerte seg ved Vallelva i 1890, med det som i boka «Fra Høvelbenk til Handlevogn» (Tore Osland, 1998) blir kalla Osbygdas første industribygg.

Selskapet Hæglands Høvleri & Trevarefabrikk, som starta i Hegglandsdalen, produserte dører og vindauge som blei transportert med hest og kjerre til Os Stasjon og Osbanen.

Hesten til Hægland skal ha vore veldig klok og blei ofte observert gåande åleine tilbake til Fossen frå varelevering på kaien eller stasjonen om Jakob hadde «gløymt» den vekk.

Nok eit nytt kapittel
Dagens eigar av bygningsmassen i Borgavegen 43, Per Kristian Hægland, har forskjellige minner frå oppveksten i og rundt Fossen, som blei bygd om i 1990.

- Det har vore mange ulike typar drift i Fossen, frå industri og lager til bestemora mi sitt veveri og mine eigne sprell i ungdomen.

Per Kristian fortel at han som ung musikar saman med kameratar arrangerte dans i den gamle bygningen - kvar onsdag!

- På det meste var vi sikkert 100 stykker på det vesle rommet, det er utruleg at ikkje golvet svikta.

Frå å vera industribygg, lager, helsestudio og skule blir det ny hybelhus i hovudhuset i Fossen.

- Det skal ikkje så mykje til å bygga huset om, men litt arbeid og investeringar må til. Det kan henda eg gjer det sjølv, men det kan også bli aktuelt at eg sel eigedomen til andre som vil utvikla den vidare, seier Hægland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.