Lokal | 04. sep. 2011

Får byggje flytebrygge

Lysøenutvalet har fått løyve frå Fylkesmann til å byggje flytebrygge, materiallager og utvide verkstaden på Lysøen.

Får byggje flytebrygge
Andris Hamresøndag 04. sep. 2011 01:36

Nyleg fekk Lysøenutvalet svar frå Fylkesmannen på søknaden om å gjera tre inngrep i strandsona/LNF-område på Lysøen. Alle tiltaka fekk fylkesmannen si godkjenning.

Utvalet har søkt om å få byggja eit lager i tradisjonell grindverkskonstruksjon ved «Heimavatnet» for lagring av tømmer som blir driven ut på øya og for å ha ein skjerma plass til skogsreidskapen.

Plasseringa er vald av praktiske hensyn og for i minst mogle grad forstyrra konsertar og omvisningar ved Ole Bulls villa.

«Gamletunet» som museum

Det andre tiltaket dei har fått løyve til på sjølve øya er å utvide den eksisterande verkstaden ved «Gamletunet».

- Utvalet har vedtatt å rydde/kultivere nærområdet rundt «Gamletunet» for å inkludere det meir i den museale omvisninga, skriv Tor Lund på vegne av utvalet i søkanden.

For å gjera det meir tiltalande for publikum har dei eit ønskje å utvida verkstaden slik at traktor og anna reiskap kan lagrast og vedlikehaldast innandørs. I tillegg vil dei tilsette gis betre arbeidstilhøve med tilfredsstillande garderobe- og spisetilhøve.

Håpar på hjelp

Det siste tiltaket er det Lysøens Venner som skal realisera.

- For å betre tilhøva til folk som vil vitja øya med eigen båt vil vi anlegge flytebrygger som dei kan leggje til, fortel nestleiar i veneforeninga Lisbeth Axelsen.

- Hovedbrygga er oppteken til skyssbåten og området innanfor er laga til badeplass, så det er ikkje eigna til private båtar, forklarar Axelsen.

Heller ikkje brygga rett nedanfor Ole Bull sin villa er egna til formålet difor vil dei no etablera flytebryggene i nærleiken av «Gamletunet».

- Skal vi klare å realisere prosjektet treng vi midlar, så dette er ein bøn om hjelp til å reise den naudsynte kapitalen, seier nestleiaren.

Mesteparten av arbeide med å tilgjengeleggjera området vil veneforeninga gjere på dugnad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.