Korona | 21. juli 2021

Får ein haug med ekstradosar neste veke

– No har vi fleire ledige timar, seier kommuneoverlege Dale.

Får ein haug med ekstradosar neste veke
2.800 dosar kjem til Bjørnafjorden kommune neste veke. Det er cirka dobbelt så mange som venta. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. juli 2021 15:12

Etter ein roleg start på juli er vi denne veka oppe i nesten 1.400 dosar, og det er for første gong vaksinering over to dagar, onsdag og fredag.

I neste veke kjem dobbelt så mange.

– Vi fekk nettopp melding om at vi får 480 hetteglas i neste veke. Dette er om lag det doble av det som er venta, og vil bety minst 2.800 dosar, seier kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Sidan kommunen i sommar er over til nytt system, med timebestilling fram til 20. august, i staden for å invitera frå veke til veke, har det no opna seg mange ledige timar i veke 30.

– Desse ligg no ute i systemet. Vi har 20 ledige onsdag og rundt 100 fredag - før vi legg ut desse ekstra (oppdatert/presisert 27/7). Alle over 18 år er inviterte, og kan velja mellom desse.

Systemet er også tilrettelagt for at du som har fått time seinare i sommar, men ønskjer å framskynda, kan gjera endring.

– Har du fått peikepinn på veka etter, at dette vil halda fram?

– Nei, vi får berre ei veke fram. Det er mogleg at det kjem fleire seinare også, men det veit vi ikkje enno.

– Kan ekstra ledige timar også bli brukt til framskynda dose 2?

– Ikkje enno, men det kan bli aktuelt. Om ikkje vi får fylt opp er neste steg å gi til dose éin i nabokommune. Om ikkje dei har bruk for, blir det framskynda dose 2.

– Kor tidleg er det tidlegaste di kan setja dose 2?

– Tre veker etter dose 1.

Det er få nye smittetilfelle i Bjørnafjorden i juli, men i førre veke hadde vi 5, av desse er ein familie på 4.

Førre smittetilfelle var måndag 19. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.