Korona | 20. juli 2021

Fem nye smittetilfelle den siste veka

– Det er kjent smitteveg ved alle tilfella.

Fem nye smittetilfelle den siste veka
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juli 2021 09:18

Frå 14. juli til i går, måndag 19. juli, har seks nye personar i Bjørnafjorden kommune fått påvist smitte av Covid-19.

Ein av dei, ei jente i barneskulealder, opplyste vi om fredag.

Same dag fekk ei ung dame påvist covid-19, opplyser kommunen i dag.

– Dei to er ikkje i relasjon til kvarandre. Vi meiner å ha kontroll på smittevegen i begge desse tilfella, seier fungerande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

16. juli blei det påvist smitte hos tre nye personar:

Ein mann, ei kvinne og ein gut, alle i familie med jenta i barneskulealder.

– Alle nærkontaktar har blitt testa og vi har ikkje fått positive testresultat tilbake.

Tysdag 19. juli fekk ein mann påvist smitte av covid-19.

– Dette er ein mann som var i karantene, og smittevegen er kjent.

– Vi har med andre ord kjent smitteveg på alle og det er difor inga grunn til uro. Eg meiner vi har god oversikt, avsluttar Johannesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.