Lokal | 28. apr. 2017

Får midlar til O-undervisning

Os orienteringsklubb får 42 000 kroner frå KIRU for å legga tilrette pålagt undervisningsopplegg i skulen. – Dette er særs gledeleg, seier Olav Kvinge (H), fraksjonsleiar i KIRU.

Får midlar til O-undervisning
Tommy Sævareid og Os orienteringsklubb er i ferd med å utvikla ein portal til bruk i skulane. Her under O-dagen på Kyrkjeflaten i fjor vår (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 28. apr. 2017 14:48

Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) i Hordaland fylkeskommune delte denne veka ut kulturmidler til lag og organisasjonar i fylket. Av dei som fekk midlar var Os orienteringsklubb - orientering inn i skulen og ut i fritida, som fekk 42 000 kroner og Os kommune - Turregistrering/merkeprosjekt, med 22 000 kroner.

– Det er særleg gledeleg at Os orienteringsklubb blei tilgodesett, seier Olav Kvinge (H), som er fraksjonsleiar i KIRU.

Visste det ikkje

Leiar i Os orienteringsklubb, Tommy Sævareid, gler seg over tilskotet.

–Det var utruleg kjekt å høra. Vi har ikkje fått beskjed om det enno, så dette visste eg ikkje, seier Sævareid når Midtsiden ringer for å høyre nærare om prosjektet.

Pålagt undervisning

Sævareid fortel at bakgrunnen for søknaden er eit arbeid han er med på i Noregs Orienteringsforbund, kor ein jobbar med å utvikla orientering i skulen på ein betre måte.

– Saman med svømming er orientering den einaste idretten som er definert som livreddande idrett og noko som skulane er pålagt å undervisa i, fortel O-leiaren.

Utviklar lokal portal

Os orienteringsklubb er, som ein av dei første klubbane i Noreg med på å utvikla ein portal for bruk for skulane i nærområdet.

–Det finnst eit undervisningsopplegg i dag i aktivitetsbanken.no, men vi trur kanskje det er litt for krevande å ta i bruk, då det kun er eksempel på øvingar der og ikkje konkret for den einskilde skulen.

– Det vi er i ferd med å få på plass for skulane i Os er ein eiga portal kor lærarane kan logga seg inn og skrive ut ferdige opplegg med kart over sitt nærområde.

– Eit eksempel er Kuventræ skule, kor vi har kome lengst. Der har vi klart opplegg for fellestur både som turorientering og foto-orientering. Det same gjeld Os vidaregåande skule kor vi i tillegg til foto-orientering har skogsorientering i Vardafjellet og ei sprintløype rundt haugen. Vi har i disse tilfella utnytta turorienteringa vi har laga i år, forklarer Sævareid som legg til at det berre er å ta kontakt med orienteringsklubben om det er skular som vil testa det ut.

– Håpet er at vi skal klare å hjelpa skulane ved å lage gode oppgåver for dei, og at det kanskje dryp litt tilbake på oss ved at elevane fattar interesse for orientering, avsluttar Sævareid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.