Kultur | 17. nov. 2010

Får ny binge!

I dag blei det kjent at Os kommune får 225.000 kroner til musikkbinge nummer to. I januar er den på plass.

Får ny binge!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. nov. 2010 11:57

I mars fekk Os kommune sin første musikkbinge, ein lydisolert conteinar med instrument for gratis bruk av musikkinteressert ungdom.

SJÅ VIDEO FRÅ ØVING I BINGEN

Kultursjef Lisbeth Axelsen sa tidleg ifrå om at ho ville ha nok ein binge til Os, og med suksessfestivalen Søfteland Rock N Lol meinte ho at det var naturleg å plassera denne nettopp på Søfteland.

- Vi hadde uansett plan om å kjøpa ein binge til, og i dag fekk eg den gledelege meldinga om at vi får 200.000 kroner i støtte frå Musikkutstyrsordningen til kjøp av ny binge, jublar kultursjefen.

I tillegg får Os 25.000 kroner til kjøp av utstyr.

God drift
Musikkutstyrsordningen sine heimesider ligg lista over tildelingar, og Os kommune er einaste i Hordaland som får midlar til musikkbinge, sjølv om Os har ein frå før.

- Eg veit ikkje kvifor vi har fått, men det kan godt henda at vi har gjort eit bra tilbakemeldingsintervju. Os Rockeklubb har drifta bingen veldig bra, den er populær og mykje i bruk, seier Axelsen.

Kultursjefen vil at Os Rockeklubb også skal drifta binge nummer to.

- Aktivitet kvar dag
Rockesjef Kjetil Grønvigh er svært nøgd med gladmeldinga, og med Axelsen sin innsats for å få denne på plass.

- Det er ikkje kvar kommune som har ein kultursjef som lyttar så godt til musikkmiljøet i bygda, trur Kjetil.

Han fortel vidare at det er aktivitet i musikkbingen på Kuventræ kvar dag.

- Vi har brukarar frå 12 år og opp til maksgrensa på 18 år. Eldre rockarar er i full sving i rockeklubben i kjellaren på Oshallen.

- Men vi har framleis plass til fleire i bingen, legg han til.

På plass i januar
Planen om å plassera neste binge på Søfteland står ved lag.

- Eg har vore på synfaring på Søfteland skule og vi har funne ein godt eigna plass på skuleområdet.

- Når eg får stadfesta tidspunkt for kor tid plassen er planert og klar for binge så bestiller eg til den datoen. Truleg får vi bingen den andre veka i januar.

Grønvigh seier han ser for seg godt samarbeid med Rock N LoL-gjengen om drift av bingen på Søfteland.

- Brørne Lindborg har jo Joker-butikken på Søfteland, som er ein naturleg plass å ha nøklane til bingen liggande. På Kuventræ har vi vore heldige og fått eit fint samarbeid med Osbadet om nøkkelutlevering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.