Lokal | 06. mai 2020

Får nye korona-retningslinjer i morgon

Kan gi svar til eldre skuleelevar, idrettsliv og 17. maikomitear.

Får nye korona-retningslinjer i morgon
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2020 07:38
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Kor tid kan 5. til 10. trinn, og vidaregåande elevar som ikkje har vore på skule sidan 12. mars, stilla på skulen igjen?

Kan du samla storfamilien til rømmegraut 17. mai, og korleis kan fotballspelarar og annan kontaktidrett trena saman fram mot sommaren?

Regjeringa går med plan om å opna Noreg endå meir opp, og har blant anna signalisert til rektorar at dei kan førebu seg på å opna skulane på kort varsel.

– Torsdag 7. mai legg vi fram plan for tiltaka framover, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helsedepartementet til NTB, ifølgje VG.

Dette er noko av det som er venta torsdag:

  • Ein langsiktig plan for reduserte tiltak med detaljar, rekkefølge og tidspunkt
  • Tidspunkt for kor tid 5. til 10. klasse, og vidaregåande skule, går tilbake til normalen
  • Nye råd for kor mange som kan samlast innandørs og utandørs
  • Avklaring om toppfotball, barnefotball og annan kontaktidrett
  • Avklaring om opning av treningssenter og fornøyelsesparkar
  • Avgjerd om utreiseforbod for helsepersonell

Over toppen

I Noreg er i alt 189.657 testa, 7.955 smitta, 70 er i skrivande stund innlagte på sjukehus, 27 av dei er på respirator.

Smittetoppen var frå 27. mars til 6. april, med over 300 innlagte på sjukehus. Sist vi var på under 74 innlagte var 16. mars, tre dagar etter at skulane stengte.

I alt 215 innbyggarar i Noreg er døde. Snittalder på dei første 209 døde var 82 år. 3 av dei døde er under 50 år, ingen er under 40.

I VG sin oversikt er det 17 smitta i Bjørnafjorden kommune.

Sist kommunen oppdaterte var 14. april med nummer 15 og 16 som var smitta. I etterkant har vi skrive om ein som er smitta i brannvesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.