Næringsliv | 08. mars 2019

Får over 1000 nye varer

Extra Os sorterer varene etter kundane sitt handlemønster. Noko skal ut, mykje nytt skal inn.

Får over 1000 nye varer
Øyvind Skogedal, her på Prix i sentrum, held på med ombygging av Extra på senteret. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. mars 2019 08:36

– Det har vore nokre hektiske dagar, det er ein ganske stor jobb for våre tilsette. Men den er òg litt spennande, seier butikksjef Øyvind Skogedal i Extra Os på Amfisenteret.

I Coop og Extra har dei no bygd om hyllene etter korleis kundane handlar, ikkje etter korleis leverandørane ønskjer at akkurat deira varer skal framstå.

– Eit eksempel er chips. Leverandørane ønskjer å samla alle variantane sine, kundane vil heller ha peppersmak side om side, og variantar og ulike merker med paprika side om side.

Tilsvarande vil syltetøy bli sett opp etter innhald, mjølk etter fettmengde.

Coop er eigd av kundane, og 1,3 millionar av dei har samtykka i at kjeda bruker handledata til nettopp å bygga butikken sin etter omsyn av handlemønster.

Nye varer og utgåande varer

Extra-kjeda har dei siste månadane auka sortimentet med nesten 300 varer. Når 1000 nye skal inn, er det òg noko som må ut.

– Dette er varer som det ikkje blir handla nok av. Eit eksempel er Coop makrell i tomat på tube, seier Skogedal.

Blant nye varer er syltetøy, pålegg, chips, snop og ulike middagsbasar. Butikken er på tampen av arbeidet med å fylla hyllene med nye varer.

Kjeda er i vekst og vil passera 500 butikkar på landsbasis i løpet av 2019. Ein av dei nye er i Os sentrum, der Prix skal utvidast og endrast til Extra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.