Lokal | 24. okt. 2019

– Fare for fleire tjuveri av dekk og påhengs

Stort problem i heile distriktet, og kanskje kan ditt dekkskifte vera ein invitasjon til tjuvane.

– Fare for fleire tjuveri av dekk og påhengs
Dekkskifte kan vera ein invitasjon til tjuveri. (Ill.foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 24. okt. 2019 09:15

– Vi ser at det i desse dagar er eit modus med aukande tjuveri av påhengsmotorar, då spesielt i storleiksgrad 100 hestekrefter og oppover.

Dette fortel lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

Seinast i førre veke fekk politiet melding om tjuveri av to store motorar i Strøno. For ein månad sidan var det tilsvarande tjuveri frå Særvollsvika.

– Problemet ser ut til å gjelda heile distriktet vårt, og vi har liknande saker i Nordhordaland og i Øygarden i tillegg til desse to siste sakene her i Os.

Sleper båten til skjerma stad med kai

– Det som er spesielt her, er kor lett tjuvane får gjennomført jobben, sjølv om båtane ligg i ein større marina.

Dyrdal fortel at i fleire av tilfella har tjuvane kappa fortøyningane til båten, for så å flytta til den til ein litt meir diskret plass kor motor vert lausna frå båt og tatt på land.

– Dette er ofte ikkje langt frå bryggeanlegget, men det er gjerne i kombinasjon med ein kai knytt til bilveg, kor motoren raskt blir flytta over på ein bil.

– Vi vil difor på det sterkaste oppmoda båteigarar til å vurdera om av sikringa av båt og motor er god nok - det er dessverre ikkje slik at ein marina full i andre båtar hindrar desse tjuveria.

Der politiet av og til finn tjuvgods att på stadar som Finn.no, er dette ikkje tilfellet med båtmotorane.

– Desse har vi grunnlag for å tru at vert transportert ut av landet, og då er det ikkje lett å spora dei opp att.

Dekkskifte kan vera ein invitasjon til tjuveri

Eit anna aukande problem er tjuveri av dekk og felgar, fortel Dyrdal.

– No er vi inne i nokre veker kor mange dekk skal skiftast på bilparken. Då vert det gjerne slik at dekk blir ståande synlege i garasjen eller utanfor huset i nokre dagar. Dette er dessverre ein open invitasjon til tjuveri, seier Dyrdal.

Dyrdal fortel at det spesielt er dekk og felgar til bilar av typen BMW og Tesla som toppar tjuveri-statistikken.

– Som med båtmotorane vil vi i politiet oppmoda folk om å sikra verdiane sine. Fire dekk og felgar kan lett ha ei kostnad på fleire titalls tusen kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.