Sport | 13. mai 2015

Fauk inn til bronse

Karoline Breivik kjørte frå dei fleste i årets første noregscup i rallycross.

Fauk inn til bronse
Karoline kjørte det raskaste heatet av alle juniorane i årets første noregscupstemne. (Foto: GA photography)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mai 2015 06:55

Karoline Breivik og broren Kristian Breivik Gjøen er godt i gang med sesongen etter to lokale løp.

Veslebror Kristian, som debuterte i fjor, fekk 7. plass av 18 deltakarar i Bergen og tok seg også til finalen i Vikedal.

For Karoline har det vore mest spenning knytt til noregscup, og i helga gjekk årets første av stabelen.

To heatsigrar

Karoline fekk ei knallopning laurdag og tok to heatsigrar. Samla sett hadde ho éi førstetid ogéi tredjetid.

– Den eine heatsigeren tok ho på ei tid som ingen klarte å slå, heller ikkje i finalen, det var heilt rått å sjå på, synest bestefar og teamleiar Håvard Gåssand.

– Det var ikkje med stor margin, men ho slo alle dei 12 andre juniorane.

Hamna i grusfella

Med tredjesporet i finalen og svolten på ein god start kom ho seg jamt med dei to andre før første sving.

– Men i svingen blei det for tett og Karoline blei skvisa ut i grusfella.

Dermed tapte ho tid og låg ei stund på 5. plass. Men ho klarte å koma seg forbi to bilar og sikra seg bronsen.

Neste noregscup går i Trøndelag i juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.