Sport | 09. okt. 2011

Feira med gulldrakter

Måndag speler Søre Neset siste heimekamp, utan håp om opprykk, fredag runda Lysekloster av med full fest.

Feira med gulldrakter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. okt. 2011 19:47

At Solid vann over Eidsvåg var kanskje ikkje noko overrasking, men likevel eit resultat som gjer at siste håp om opprykk til Søre Neset er ute.

Søre Neset ligg no på 5. plass på tabellen og speler siste heimekamp for sesongen når dei i morgon tar imot botnlaget Baune 2 (kl 18.30).

Lysekloster, som for lengst er serievinnar og klar for 4. divisjon neste år, spelte siste heimekamp på fredag. Det blei ikkje like målrikt som det har blitt i ein del kampar i haust, men 3-0 var godt nok til at festen ikkje blei øydelagt.

– Vi har byrja å førebu oss på 4. divisjon, men tunge bein var ikkje hovudårsaka til at vi ikkje klarte å spela like fin fotball som vi liker å spela. Det er heller det at spelarane er tunge i hovudet, det har blitt mange veker som serievinnar og lite å spela for, seier trenar Ørjan Sandal.

Lysekloster - Fitjar 3-0 (2-0)

Mål: Thomas Sandal, Kim Krogsethagen og Christoffer Robin Larsen

I regnvêret blei det heller ikkje full tribune denne siste heimekampen, men litt folk møtte fram.

Tabell, 5 div avd 2

Vann sydentur

Etter kampen var det trekning av hovudpremien i Lysekloster Patriot, eit støttemedlem-stunt klubben har hatt i år. Vinnaren av gåverkort på reise til Spania for 20.000 kroner blei Harald Bratseth.

– Harald hadde det for travelt til å sjå kampen denne fredagen, men han hadde visst kjørt forbi banen under kampen. Då vi ringte han etterpå sa han at det var som å få ein telefon frå Hamar, ler Sandal.

Gulldrakt til spelarane

Trenaren hadde også ei overrasking til spelarane.

– Utan at dei visste det har eg fått laga nokre gulldrakter til dei, der det står nr 1 i 2009, nr 1 i 2010 og nr 1 i 2011. Vi har vunne serien med god margin tre år på rad så eg synes gutane har lov til å vera litt stolte av seg sjølv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.