Sport | 02. juni 2014

Fekk 2. plass i NM-runden

Karoline Breivik (18) er i noregstoppen i junior-rallycross etter fantastisk kjøring i NM-runden i Mandal i helga.

Fekk 2. plass i NM-runden
Karoline Breivik i Peugeoten ho leigde i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. juni 2014 10:55

Etter å ha kjørt bilcross sidan konfirmasjonen debuterte Karoline Breivik i haust i rallycross.

I helga kjørte ho årets andre NM-runde og klatra frå 3. plass laurdag til 2. plass i finalen søndag.

– Ho fekk til alt som planlagt, ein god start, veldig god kjøring og smart taktisk bruk av det obligatoriske alternative sporet, seier bestefar og coach i Team Karoline, Håvard Gåssand.

Dette er beste resultat nokosinne for rallycross-jenta frå Os.

Kjørte seg opp i finalen

Andre NM-runde gjekk på Konsmo, eit stykke inn i landet frå Mandal.

Karoline landa på 3. plass av 7 kjørarar (3 jenter og 4 gutar) i to av heata laurdag, på 4. plass i det tredje.

Det gjorde at ho fekk 3. spor i finalen.

– God taktisk

– Karoline sto side om side med ei anna startsterk jente. Målet var å koma framfor ho før første sving, og det klarte Karoline.

Det alternative sporet er som ein pitstop utan stopp, ei sløyfe som fungerer som ein lite omveg, som alle må innom éin gong i løpet av heatet.

– Her snakka vi om på førehand å venta med å ta det alternative sporet til det var litt strekk i feltet. Då ville ho unngå å få trege kjørarar framfor seg, kjørarar det kan vera vanskeleg å koma forbi på ordinæ kjøring.

Og sånn blei det, Karoline valte perfekt tid å svinga innom sløyfa, og klarte, då han som leia var innom sporet etterpå, å koma seg forbi han og opp til 2. plass.

– Med god kjøring klarte Karoline å halda han bak seg, og faktisk kjøra frå han, den siste halvannan runden til mål, fortel Gåssand stolt.

Fem NM-rundar

Karoline starta sesongen med ny rallybil, ein Toyota Starlet, men fekk trøbbel med denne og kjørte i helga med innleigd Peugeot 206, den same som ho leigde i haust.

Tre NM-rundar står igjen og alle fem er teljande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.