Lokal | 23. juni 2011

Fekk 43.000 kroner

Fylkeskommunen har fordelt vel 73 millionar i spelemidlar. 3,7 fann vegen til Os.

Fekk 43.000 kroner
Andris Hamretorsdag 23. juni 2011 08:14

Kultur- og ressursutvalet (KRU) i Hordaland Fylkeskommune fordelte tysdag omlag 73 millionar kroner i statlege spelemidlar til anlegg for idrett- og fysisk aktivitet, nærmiljøanlegg og kulturbygg i Hordaland.

Spelemidlane er ei viktig finansieringskjelde for kommunar og frivillige lag og organisasjonar for å realisera opprusting eller nybygging av anlegg.

I Os blei i år Osbadet tilgodesett med midlar for anleggspotten då dei fekk 3,5 millionar til hovudbassenget.

Tildelinga skjer etter kriteriar fastsatt av kulturdepartementet og KRU kor mellomanna anlegg som har fått midlar tidligare og som står med eit restbeløp har førsteprioritet. Ein tek òg hensyn til dei kommunale prioriteringane.

Av anlegga som ikkje fekk midlar i år finn ein mellomanna kunstgrasbanene på Søfteland, Lysekloster, Kuventræ, Nore Neset og ved Søre Øyane Skule.

Eit nærmiljøanlegg

I prioriteringslista frå Os kommune når det gjeld nærmiljøanlegg var det berre eit anlegg som figurerte - Skateparken på Kuventræ. Denne fekk som dei andre nærmiljøanlegga i fylket tildelt dei omsøkte midla.

Skateparken fekk 156.000 kroner.

Grendahus = kulturbygg

Det er ikkje berre Oseana som er kulturbygg etter fylkeskommunen sine kriteriar. Ungdomshusa i Hegglandsdalen, Lysefjorden og Nore Øyane var i følgje fylkeskommunen berettiga søkarar.

I denne tildelinga blei det funnen midlar til ungdomshuset i Hegglandsdalen som fekk 43.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.