Fekk 5. plass i debuten
Mona Tysseland Hetleflåt (23) har trent styrke i 7 år, og laurdag stilte ho i konkurranse for første gong.


Mona T. Hetleflåt deltok laurdag i Avancia Strongman Challange i Bjørkelangen aust for Lillestrøm.
Det enda med 5. plass av 7 deltakarar for den sterke jenta frå Os.
– Dette med konkurransar er heilt nytt for meg. Men det var kjekt og det gav meirsmak, seier Mona til Midtsiden.
80 kilo i kvar arm
På torget i Bjørkelangen blei det fleire utfordringar for Mona; velting av dekk, sleping av traktor, "farmers walk", der jentene skulle springa 20 meter med 80 (!) kilo i kvar arm, og apollons axle, der du skal løfta tunge vekter over hovudet.
– På apollons axle klarte eg 60 kilo, og nesten 65 kilo, medan vinnaren klarte 70 kilo. På traktor-pull var eg 10 cm frå 3. plassen.
– Men 5. plass samanlagt er eg nøgd med, seier Mona.
Sjå bilde frå konkurransen på treningsforum.no.
Mest crossfit
Mona byrja å trena styrke då ho var 16 år, og har trent i Nore Neset Aktivitetshus og på Sprek og Blid Os.
Ho har også trent handbak på Dale, men var uheldig på første trening.
– Eg braut armen, så handbak var visst ikkje noko for meg, ler ho.
I fjor haust byrja ho å trena crossfit, styrketrening i grupper, eit treningssystem som kan definerast sånn:
Utholdenhet, arbeidskapasitet, styrke, smidighet, kraft, hurtighet, eksplosivitet, koordinasjon, balanse og presisjon. Det er en måte å trene på som skal hjelpe individet til å kunne takle alle fysiske forutsetninger.
– Eg trener i grupper og for meg sjølv, eller med venar utanom gruppetreningene.
Trening, ferie og nye konkurransar
I sommar skal Mona ta ferie, men ikkje utan trening.
– Eg og ei venninne skal til Danmark, og reisa frå treningssenter til treningssenter på crossfit.
Nyleg var Mona i Danmark og såg på ein crossfit-konkurranse som var kvalifisering til Crossfit Games i USA.
– Det blir nok fleire konkurransar på meg, neste blir truleg Norges sterkeste kvinne til hausten, seier Mona, som no bur i Bergen, til dagleg jobbar som vektar på Haukeland Universiktetssykehus og frå hausten skal studera for å bli fysioterapeut.