Kultur | 04. nov. 2009

Fekk avslag!

Os kommune har mottat nytt avslag frå departementet. Det kan gå fleire år før Oseana får statleg støtte.

Fekk avslag!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. nov. 2009 00:28

Os kommune har i brev av 20.oktober mottatt endeleg avslag på 2009-søknaden om statleg tilskot til kunst- og kultursenteret Oseana.

Det er tredje året på rad kommunen søkjer om midlar frå ordninga med tippemidlar til regionale kulturbygg.

- Tidlegare kulturminister Trond Giske sine proriteringar av tippemidlane i 2009 er sterkt kritikkverdige, seier ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding.

- For det første kan vi ikkje sjå at Hordaland fylke er tildelt ei einaste krone av totalt 75 millionar fordelt gjennom denne ordninga i 2009. For det andre har Giske bunde opp midlane for 2010 og 2011 ved å prioritera to prosjekt i Hordaland som sto lågare på fylket si prioriteringsliste for regionale kulturbygg.

Fartein Valen-senteret i Sveio fekk 6 millionar kroner, båthallen i Hordamuseet 5,5 millionar.

- Dette skjer trass i at fylkeskommunane skal overta forvaltinga av ordninga med tippemidlar til regionale kulturbygg frå 1. januar 2010. Dette er eit klart brot på intensjonane i Forvaltningsreformen, seier Søviknes.

No håpar han at Hordaland fylkeskommune følgjer opp saka ovanfor Kultur- og kyrkjedepartementet. I tillegg vil Os kommune arbeida vidare med fullfinansiering av Oseana.

- Vi har en todelt strategi; - midlar fra stat/fylkeskommunen i 2010/11 og yttarlegare sponsorinntekter frå private aktører. Vi håpar på ein god dialog med den nye politiske leiinga i Kultur- og kyrkjedepartementet, oppsummerer den skuffa ordføraren.

Oseana er under bygging, og prosjektleiinga reknar med at det står ferdig 1. kvartal 2011.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.