Sport | 29. juni 2015

Fekk bank av Viking 2

Det blei fartsfylt og målrikt då Os i ettermiddag runda av vårsesongen.

Fekk bank av Viking 2
Emil Halver var frampå, men klarte ikkje å skåra på Viking 2 i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2015 18:41

Bildeserie:

Borgen heada retur frå eigen heading til Olsen, som sette inn 1-4. (Foto: KVB)
Borgen heada retur frå eigen heading til Olsen, som sette inn 1-4. (Foto: KVB)
Glenn Krossøy og resten av Os spelte for bra med publikum i dag. (Foto: KVB)
Glenn Krossøy og resten av Os spelte for bra med publikum i dag. (Foto: KVB)
Trass bra trøkk etter pause måtte dei sjå seg grundig slått. (Foto: KVB)
Trass bra trøkk etter pause måtte dei sjå seg grundig slått. (Foto: KVB)
Marius heiar på Os, men er nøgd med at han fekk drakta til Thioune. (Foto: KVB)
Marius heiar på Os, men er nøgd med at han fekk drakta til Thioune. (Foto: KVB)
1 av 4

Måndag ettermiddag spelte Os på nedrykksplass mot tabelltoar Viking 2 i vårsesongens siste runde.

14 minutt ut i kampen låg Os under 0-3. Men sjølv om resultatet seier noko anna så kom det seg i 2. omgang.

Os - Viking 2 1-7 (0-3)
Målskårar, Os: Christer Olsen

Os: Frode Øvredal - Sebastian Skåre Tune, Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Marius Mikkelsen, Adrian Valle, Anders Kinden - Steffen Ljosheim, Knut Spangelo Haga og Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Håkon Kvittingen, Emil Halver og Christoffer Hevrøy
Dagens Os-spelar: Christer Olsen.

Heimelaget opna hardt etter pause, der Christer Olsen hadde skot i kryssen og ut, Marius Mikkelsen hadde skot rett utanfor høgre stolpe og Emil Halver, minuttet etter at han blei byta innpå, prøvde seg på første stolpe.

– Vi hang ikkje saman i starten av førsteomgang, men fekk til det vi prøvde på etter pause. 0-4 kom omtrent på Viking 2 sitt første angrep i andre omgang, seier Os-kaptein Torkel Hjertnes.

– Samtidig var det eit veldig bra lag vi møtte, med tre spelarar med Tippeliga-nivå, så det blei tøft.

Os reduserte til 1-4 i 63. minutt, men det blei einaste skåring på heimelaget i dag.

SJÅ TABELL

Os, som har 1 uavgjort og 3 sigrar (alle på heimebane) på 13 kampar, tar ferie under streken og møter topplaget Stord heime i første haustkamp 1. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.