Brann og beredskap | 21. okt. 2022

Fekk beskjed om pipebrann: «Det skal vera sånn»

Først tok huseigar det med ro, men så kom det fleire og banka på.

Fekk beskjed om pipebrann: «Det skal vera sånn»
Brannvesenet kunne raskt senda størstedelen av mannskapen i retur frå staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2022 16:30

Litt før klokka 18 fredag ettermiddag kom det melding om kraftig røykutvikling frå taket på ein bustad i Hegglandsdalsvegen.

Brannvesenet tolka det som bygningsbrann, og køyrde full utrykking. Også ambulanse og politi rykte ut.

– Vi såg huset allereie då vi var på god avstand, og då var det mykje røyk, seier utrykkingsleiar Kristoffer Hauge frå Bjørnafjorden brann og redning.

Vel framme viste det seg å berre vera ein pipebrann, og at denne var i ferd med å ebba ut.

Ingen personar er skadde.

– Årsaka til perioden med ekstra røyk, var nok at huseigar akkurat då hadde sløkt omnen ved å tøma vatn i den.

Huseigar sjølv var heime, og blei varsla av forbipasserande som banka på.

– «Det skal vera sånn. Det er eit gamalt hus», sa eg då første vitne banka på.

Ho ler av seg sjølv etterpå, med fullt av blålys på tunet.

Då huseigartil slutt gjekk ut for å sjå, såg det sånn ut i skorsteinen. (Privat foto)
Då huseigartil slutt gjekk ut for å sjå, såg det sånn ut i skorsteinen. (Privat foto)

For så var det fleire bilar som stoppa, og folk som kom for å varsla. Då brann det godt i pipa.

– Vi merka ikkje noko innandørs, og er sjølvsagt glade for at folk varsla.

Det blir neppe meir fyring i omnen i kveld, men det ser heller ikkje ut til å vera noko i vegen for at familien kan vera heime utover kvelden.

Normal prosedyre etter sløkt pipebrann er at brannvesenet kjem tilbake når pipa er kald for å inspisera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.