Brann og beredskap | 23. sep. 2022

Klart for pilotprosjekt i Bjørnafjorden - vil førebygge sotbrann

Dei neste to åra skal brannvesenet montere 400 pipesensorar i utvalde område i kommunen.

Klart for pilotprosjekt i Bjørnafjorden - vil førebygge sotbrann
PIPEBRANN: Bjørnafjorden brann og redning startar på måndag å installere pipesensorar i utvalde område. Målaren blir montert på utsida av skorsteinen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveifredag 23. sep. 2022 07:31

Måndag 26. september 2022 går Bjørnafjorden brann og redning i gang med å installere pipesensorar i utvalde område. Dette skriv Bjørnafjorden kommune i ein pressemelding.

Målet med pipesensoren er først og fremst å førebygge og hindra sotbrann.

I dag blir dei fleste skorsteinar feia like ofte, uavhengig av om huseigar har fyrt mykje eller lite. Dette er lite målretta.

Data frå pipesensorane vil gi brannvesenet eit langt betre faktagrunnlag for å vurdere når kvar enkelt skorstein treng feiing, og på den måten gjere det mogleg å drive ein meir effektiv og målretta førebygging.

– Offentleg sektor treng innovative løysingar som hjelper oss å gi betre tenester til innbyggarane. Vi skal bruke skorsteinsmonitorering for å sjå om vi kan spare tid og ressursar, og samstundes auke kvaliteten i tenesta vår, seier leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum i pressemeldinga.

PIPESENSOR: Bjørnafjorden brann og redning vil på måndag installere dei første pipesensorane, prosjektet er gratis og skal førebygge og hindra sotbrann. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy
PIPESENSOR: Bjørnafjorden brann og redning vil på måndag installere dei første pipesensorane, prosjektet er gratis og skal førebygge og hindra sotbrann. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy

Pipesensor og installasjon er gratis. Du betalar ingenting. Huseigar vil få ein SMS med tilbod om pipesensor, og må svare JA eller NEI på denne meldinga.

Kvifor pipesensor?

Talet på sotbrannar aukar kraftig. I 2021 blei det registrert 1596 sotbrannar i Noreg, 468 fleire enn i 2020. (Kjelde: Brannvernforeningen).

Sotbrann eller pipebrann oppstår når tjære og ubrent avfallsstoff frå røyken set seg fast i skorsteinen. Flammer eller høg temperatur antenner avfallsstoffa og pipebrannen er eit faktum. Jo oftare du fyrer, jo meir sot blir det i pipa.

Først 400 - så kanskje alle 12 000 pipene i Bjørnafjorden


– Dei neste to åra skal vi skal montere 400 pipesensorar i utvalde område i kommunen. Dette skal gi oss beslutningsgrunnlag for vidare bruk av elektronikk i pipa. Avhengig av erfaringane frå testperioden, vil vi vurdere å tilby sensorar i alle dei 12 000 aktive eldstadane i Bjørnafjorden kommune, seier Storum i pressemeldinga.

Les heile pressemeldinga på kommunen sine nettsider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.