Lokal | 07. juni 2010

Fekk bil i veggen

Bufellesskapet i Kuhnlevegen fekk ubedne gjestar måndag ettermiddag. (OPPDATERT)

Fekk bil i veggen
Andris Hamremandag 07. juni 2010 17:52

Føraren har truleg mista kontroll over bilen på veg ned Kuhnlevegen, kjørt gjennom buskar og kratt og enda ferda i veggen til bufellesskapet Bolig Moberg.

- Vi veit egentlig ikkje kva som har skjedd, då føraren ikkje var ved bilen då vi ankom, fortel politiet på staden.

- Det er truleg ikkje personskadar sidan føraren har kome seg ut og vekk frå bilen på eigen hand, men det vil vi få klarlagt når vi får oppretta kontakt med vedkommande, opplyser politet vidare.

Ventar på Falken
Då Midtsiden var innom venta politi og brannvesen på redningsbil som kunne dra den forulykka oppatt.

- Brannvesenet ventar på staden i tilfelle det skulle byrja å lekka frå bilen, seier politiet.

Ikkje promille
Føraren av bilen var ikkje på staden då politiet kom fram, men dei fekk kontakt med han seinare på kvelden. Det er ikkje mistanke om promille, men politiet har tatt beslag i førarkortet.

- Vi har snakka med vedkomande, som kom uskadd frå uhellet. Han har gjeve ei forklaring og vi har opna ei sak på episoden, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.