Kultur | 29. sep. 2019

Fekk ein kveld hos Arne Brimi

Varma opp til matfestival og bjørnefjordmåltid i Lom og Åmot.

Fekk ein kveld hos Arne Brimi
– Brimi sin filosofi om bruk av lokale råvarer harmonerer godt med vår, seier Daniel Skotheim. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. sep. 2019 09:04

Bildeserie:

1 av 8

Førstkomande laurdag er det tid for tredje versjon av Det store Bjørnefjordenmåltidet - laga og servert av lokal eksperttrise, i hovudsak på lokale råvarer.

Måltidet, som blir halde i Oseana Kafé og Restaurant, er som vanleg utseld, men i år er det òg ein liten matfestival i Vognhallen på dagtid før middag.

– I fjor gjorde vi dette, men i Oseana, og rett i forkant av måltidet. Derfor var det berre dei med billettar som fekk det med seg. Mange kom tidleg, og det blei eit populært tilskot, men i år blir det på ein måte som kan nå ut til endå fleire, sa Silja Døsen Moberg og Daniel Skotheim til Midtsiden i august.

Frå klokka 11 på formiddagen og fire timar fram skal minst 10 utstillarar, blant dei som bidrar på måltidet på kvelden, stilla ut i Vognhallen.

– Her er det lagt til rette for gode samtalar om mat og sal av varer, smaksprøvar og smårettar - alt av lokale råvarer frå bjørnafjordregionen.

På tur til Lom

Måltid- og matfestivalarrangør Bjørnefjorden Matkultur har studieturar som sine høgdepunkt, ved sidan av det travle måltidet.

I vår var åtte av dei til Nice, første helga i september gjekk turen til Lom og Åmot.

– Dugnadsinnsats under måltidet skaper eit overskot som kan brukast til studieturar, der vi både får fagleg påfyll, inspirasjon og tid til å bli betre kjent, seier Daniel Skotheim.

Høgrepunktet på førre tur var ein heil kveld med den kjente kokken, «sjalottlaukens far», Arne Brimi.

I harmoni med nærområda

Turen gjekk med buss frå Os, med produsentar og kokkar frå Os, Fusa, Tysnes og Samnanger, og første stopp hos Undredal Stølsysteri, der den norske produksjonen på råmjølk/upasteurisert mjølk verkeleg starta.

I fjordarmen innanfor Undredalen ligg Flåm. Der fekk følgjet mat ved Ægir pub og omvising i kulissane til eit av Noregs mest spennande bryggeri.

Så blei dagen avslutta med «helaften» hos Brimi.

– Hans filosofi om kortreiste råvarer harmonerer godt med vår visjon, seier Skotheim.

Bakst og sjokolade

Dag to starta hos Bakeriet i Lom, med full omvising og kurs med dagleg leiar, Jens. Nokre av medlemmane fekk òg prøva å snurre kanelsnurr.

– Bakeriet i Lom sel nokre hundre tusen av denne bollen i juli åleine!

Vidare blei det stopp i Geiranger hos Geiranger sjokolade, før turen endte hos Steinar på det som tidlegare heitte Operagarden, men no Åmot.

– Ein nyinspirert og samansveisa gjeng er no klare til å laga marknad i Vognhallen, og for ein lang kveld med Det Store Bjørnefjordmåltidet laurdag.

Med på denne turen: Osøyro Kolonial, Solstrand Hotel & Bad, Oseana Kafé & Restaurant, Bjørnafjorden Hotell, Bespoke Lifestyle/Gourmet Grill, Bjørnefjorden, Monsatufto, Garden på Dalland, Engevik Gaard, Bente Getz, Havnechefen, Bøkampen Utegangarlam og leiar for Bjørnefjorden Matkultur, Daniel Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.