Samferdsle | 17. aug. 2023

Fekk fleire trafikkutfordringar før skulestart

Rektor på Os barneskule lagde kart og bestilte vakt og utvida sperring.

Fekk fleire trafikkutfordringar før skulestart
I vår blei det behov for sperring, før skulestart har enkelte likevel valt å køyre gjennom skuleplassane. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. aug. 2023 14:12

I dag var det oppstart for elevane i grunnskulen. For Os barneskule, som opp gjennom åra har hatt ulike utfordringar med skulevegen - sto fleire nye for tur.

Landboden er stengt to stadar og på Byvegen nær skulen er det eine køyrefeltet stengt.

I tillegg er det hjulspor som viser at folk framleis køyrer gjennom skuleplassen, trass sperringa som blei sett opp i vår.

Ei fysisk sperre blei sett opp i vår, etter ei hending der ein bil var nær å køyra på ein førsteklassing. (Foto: Susann H. Børnes)
Ei fysisk sperre blei sett opp i vår, etter ei hending der ein bil var nær å køyra på ein førsteklassing. (Foto: Susann H. Børnes)

– Det visste eg ikkje! Vi blei lovd bom, no må vi anten få ein stein til eller denne bommen må på plass! sa rektor Laila Aarbakke til Midtsiden onsdag.

– Det overraskar meg at folk køyrer her, spesielt med tanke på at vi i vår var berre millimetrar i frå å ista ein førsteklassing då ein bil køyrde gjennom skuleplassen.

– Vi har hatt ferieopen SFO og det er ungar og leikar her på kveldstid. Dette kunne gått gale.

Tidlegare denne veka har ho sendt ut informasjon til foreldre, med kart der ho ønskjer at elevane skal gå.

Rektor ber dei som kjem frå Byvegen samla seg ved fotgjengarfeltet nedanfor gymsalen.
Rektor ber dei som kjem frå Byvegen samla seg ved fotgjengarfeltet nedanfor gymsalen.

I kartet kjem det fram at skulen ikkje ønskjer at elevar som kjem opp frå Byvegen skal gå opp ved Jordmorsvingen, men opp frå 7/Eleven og over fotgjengarfeltet i Giskavollen.

– Vi har sett ein del uheldige episodar, foreldre som ikkje ventar til dei er på haldeplassen før dei slepp av ungane, eller til og med set dei av omtrent i fart, midt i krysset, så elevane må vandra slalåm mellom andre bilar.

– Kvar rundt skulen er problemet størst?

– Det vi er mest opptatt av, er at folk ikkje passerer skiltet som viser innkøyring forbode, at dei kjem opp på skuleplassen.

Rektor opplever at fleire bilar passerer dette skiltet og køyrer opp på skuleplassen for å sleppa ungane av. (Foto: Susann H. Børnes)
Rektor opplever at fleire bilar passerer dette skiltet og køyrer opp på skuleplassen for å sleppa ungane av. (Foto: Susann H. Børnes)

Aarbakke har òg bedd fylkeskommunen stilla med ein vakt ved skulen, sidan trafikkforholda er ekstra krevjande.

– Det gjorde dei, og det fungerte veldig fint ved skulestart i dag, seier rektor torsdag.

Bildeserie:

(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
1 av 6
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)

Kommunen sitt arbeid i Landboden fører til stengt veg ulike stadar til ulike tidspunkt.

Noverande stenging, på to punkt, skal etter planen vera over i morgon, fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.