Politi | 30. jan. 2022

Fekk forelegg etter uvanleg køyremønster

Meldar hadde filma køyringa.

Fekk forelegg etter uvanleg køyremønster
Bilen blei stoppa nær Os sentrum. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. jan. 2022 08:38

Laurdag klokka 14.45 fekk politiet melding om ein bilførar som meldar meinte hadde uvanleg køyreåtferd.

Bilen køyrde på E39 retning Os, og blei stoppa nær Os sentrum.

– Bilførar er utanlandsk og busett på Austlandet. Det var ikkje mistanke om køyring i rus, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Meldar hadde filma køyringa, noko som ikkje gav grunnlag for reaksjon. Men politiet observerte sjølv ein overtredelse som dei reagerte på, der bilen køyrde på feil side av vegen, og bilførar fekk eit forelegg på 5.850 kroner.

Klokka 18.06 fekk politiet melding om feil på lysregulering i Hegglandsdalsvegen. Dei varsla Vegtrafikksentralen, som allereie var obs på problemet, og hadde sendt entreprenør på staden.

Det var også problem med lysa tidlegare på dagen.

Trampoline og lysthus tatt av stormen

Det var kraftig vind på Vestlandet i går, og utover kvelden fekk politiet melding om velta anleggsgjerde i Hegglandsdalen.

Det kom også melding om eit lysthus og ei trampoline som hadde flytta på seg.

Les ògTo båtar sleit seg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.