Lokal | 28. jan. 2010

Fekk fullt utbyte

Osingar i Kitzbuehel: På ski med Franz Klammer, på fest med Heidi Klum og i mål med Aksel Lund Svindal.

Fekk fullt utbyte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2010 06:33

Bildeserie:

1 av 3

Dei fem osingane Bernt Helén, Rune Walle, Klas Færøvik, Atle Steffensen og Roald Stigen fekk maksimalt utbyte av turen til Kitzbuehel i helga som var.

Onsdag kveld såg du kanskje linselusene på TV 2 Sporten, men Aksel Lund Svindal var ikkje den einaste spennande personen dei fekk nærkontakt med i Austerrike.

Her kan du sjå TV 2-innslaget

- Vi hadde fått tak i VIP-billettar til årets Weisswurst Party, som blei halde same helg. Weisswurstblir er ein kjent storfest med plass til rundt 3000 gjestar. 22 TV-kanalar dekker festen, og det er ikkje lett å få tak i billettar, seier Rune Walle.

Paris Hilton skal ha vore blant årets festdeltakarar. Osingane såg ikkje Paris, men dei møtte kjendismodellen Heidi Klum.

I bakken med Klammer
- Det største var likevel opplevingane i bakken, der vi blant anna fekk oss ein skitur med den gamle alpinhelten Franz Klammer.

Klammer vann 26 enkeltrenn i verdscupen, og vann utforcupen heile 5 gongar (1975-78 og 1983). Osingane møtte han på ein av restaurantane i bakken og fekk han med seg då dei skulle stå ned igjen.

Synlege supportarar
Ekstra sirkus blei det også då dei var publikum under super G, utfor og slalåm.

- Vi lagde eit stort supportarflagg før avreise og var nok den fansen som ruva mest langs løypa. Etter siste renn kom Aksel bort til oss og sa han hadde både sett og høyrd oss under alle renna. Han lurte på om vi kom til å stilla på resten av renna, men det blir nok ikkje fleire slike turar på oss denne sesongen. Dessverre.

Dette er ikkje første gong plakatar frå Os dukkar opp på TV-skjermen. I november i fjor var det handball det handla om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.