Lokal | 22. okt. 2011

Fekk halda på hus 3

Planane for Hamnevegen/Steinneset: Italiensk estetikk fungerte som god retorikk for arkitekt Jan Haaland.

Fekk halda på hus 3
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. okt. 2011 06:52

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

ABO plan og arkitektur stilte sterkt på møtet i plan- og bygniungsutvalet torsdag. ABO, som sjølv har kontor i Hamnevegen, har oppdrag med å laga nye planar i området, og kom for å forklara tankane deira om:

1. Førstegongsbehandling av å legga detaljplan for Hamnevegen 63/24 ut til offentleg ettersyn. ByggConsept og Os Pensjonistforening er tiltakshavarar på Lientomta og Elvegården. Pensjonistforeininga vil bygga ut, ByggConsept vil bygga bustadar for sal.

• Administrasjonen hadde i framlegg til vedtak å godkjenna å legga planen ut mot at det eine huset, hus 3, blei fjerna eller teikna om for å få eit meir ope uteareal.

2. Førstegongsbehandling av reguleringsplan for Hamnevegen - Steinneset. Planen omfattar fleire eigedomar med ulike eigarar, der dei som er mest klare for å utvikla området vidare er Legland Bygg som har avtale med Hogne Eide.

• Sidan planen no omfattar kryssa frå Hatvikvegen gjekk administrasjonen for å godkjenna at planen blir lagt ut til offentleg ettersyn.

For bratt for rundkjøring

Begge områda ligg langs Hatvikvegen og har av- og påkjørsle til denne i kryss som allereie har høg trafikk. Bjørn Atle Drange frå ABO starta med generell orientering om områda, eigarane og planane - men kom raskt innom trafikk.

– Det er lett å tenkja at ei rundkjøring løyser det meste, men i krysset ved Kiwi, mellom hatvikvegen og Steinneset, er vegen for bratt.

Vegvesenet synes 3 prosent stigning på vegen bør vera maks dersom ein vil bygga rundkjøring. Forbi dette krysset er stigningnen 7 prosent.

– Om vi skal fylla på for å få bakken mindre bratt må vi løfta vegen på nedsida med rundt 1,6 meter. I forhold til tomtene rundt krysset vil ikkje dette fungera, sa Drange, og viste til dialog med vegvesenet.

I planen som blei lagt fram i møtet er det teikna inn fartsreduserande tiltak i form av fleire opphøgde gangfelt. Midtrabatt, breiare veg og betre siktlinjer skal også vera med på å gjera krysset tryggare.

Inspirasjon frå Italia

I detaljplanen for Hamnehagen, som ABO har kalla prosjektet bak Eldresenteret, ligg element som etasjeavvik frå sentrumsplanen (5 i staden for 3), mindre friareal (40 i staden for 50 kvm) og eit hus som administrasjonen i framlegget til vedtak anten ville ha vekk eller teikna om for å skapa ein meir open uteplass.

–Her er vi inspirert av den italienske piazzaen, sa arkitekt Jan Haaland.

Fleire av dei tilsette ved ABO har i sommar vore på lang sykkeltur i Italia. I pizzabygda Os las dei fleste politikarane pizza, ikkje piazza, ved første augekast på skissene. Men Haaland forklarte:

– Kva er det vi oppsøkjer når vi er på ferie i små eller store byar, jau, det er ofte gamlebyane, dei litt tronge smuga med dei koselege opne plassane imellom, piazza som dei kallar det i Italia.

– Tar vi vekk hus 3 får vi berre ein open plass, blir det ståande får vi eit skilje, det blir intimt og vi får to fine piazzaer.

Etasje-dispensasjon?

Det blei litt diskusjon om friarealet, som ABO kunne auka til 50 kvadratmeter ved å føra heisen opp over taket, i eit glashus på det som stikk over taket, til friareal på det flate taket.

Men politikarane meinte 40 kvadratmeter i eit område så nær sentrum var OK.

At nokre av husa er teikna inn med fem etasjar fekk Ingrid Netland (Sp) til å stilla spørsmål om dette var ein dispensasjon frå sentrumsplanen og om det var noko vits å ha ein sentrumsplan viss den ikkje blei følgt.

Administrasjonen svarte at i ein reguleringsplan var ikkje dette ein dispensasjon, men ein sjølvstendig plan, som planen for Os Sjøfront.

Haaland viste på skissene korleis nokre av bygningane vile sjå ut som ein fotball utan luft o dei blei lågare.

– Terrenget er skrått så du kan seia at nokre av husa treng fleire etasjar for å nå opp til taket. Få etasjar stikk opp over Hatvikvegen.

– Dessutan vil det skapa meir dynamikk om ikkje alle husa er akkurat like høge, la han til.

– Bør vurdera lyskryss

Terje Sperrevik (TvS), som bur på Haugsneset, jobbar som politioverbetjent og har kontor i Irisgården i Hamnevegen, kan på fleire måtar kalla seg ein ekspert i området, også når det gjeld trafikken.

– Eg er ikkje trygg på at tiltaka i krysset ved Kiwi er nok, dette krysset og krysset nede ved brua er begge ulykkesutsette og trafikerte, særleg når ferjetrafikken kjem forbi.

Drange frå ABO fortalte meir om dialogen med vegvesenet og om kvar ansvaret ligg. Sperrevik ba likevel om at det blei notert eit nytt kulepunkt om at tiltakshavar skulle vurdera lysregulering i krysset mellom Hatvikvegen og Hamnevegen.

Kulepunktet om fjerning av hus 3 blei fjerna mot Sp si stemme. Sperrevik sitt kulepunkt blei tatt med mot Bahus og Veronica Haugland (Frp) sine stemmer.

Både planen for Hamnehagen og Hamnevegen-Steinneset blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.