Politi | 23. aug. 2021

Fekk ikkje kjøpa øl - skubba butikktilsett

To utlendingar risikerer å bli meldt etter episode i søndagsopen daglegvare.

Fekk ikkje kjøpa øl - skubba butikktilsett
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. aug. 2021 07:20

To kundar som ikkje fekk kjøpa øl, blei i går aggressive ovanfor ein tilsett i butikken.

Dei to er utanlandske, og viste lite forståing for at det i Noreg ikkje er lov å selja øl i daglegvare på ein søndag.

– Dei blei sinte og skubba ein av dei tilsette før dei gjekk frå staden, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Dei to var vekke då politiet kom til staden.

– Det er mogleg at butikken melder episoden. I så fall har vi skildring og video-opptak å gå etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.