Politi | 24. juli 2023

Fekk klage på ungdom - oppdaga fleire skadde vindauge

Sjekka skulebygg etter melding om ungdomsgjengar både på Os og Nore Neset.

Fekk klage på ungdom - oppdaga fleire skadde vindauge
Politiet fekk melding om samling av ungdom ved SFO i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. juli 2023 10:30

Politiet har i helga vore på patrulje ved nokre av skulane i bygda.

– Vi har fleire klagestadar, to av dei er rundt skulane i Os sentrum og på Nore Neset, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I 01-tida natt til laurdag sjekka dei SFO og skulebygga i Giskavollen i Os.

– Patruljen oppdaga at det er knusingsskade på fire av vindauga.

Klokka 22.42 laurdag kveld fekk dei klage på støy frå ungdomsgjeng ved den nedlagte barnehagen på Skeie.

Her fann patruljen verken folk eller skade.

– Men same kveld, klokka 23.22, fekk vi klage frå eit ektepar i 50-åra. Dei hadde opplevd at ein gutegjeng hadde drive med «ring-på-spring» gjentatte gongar denne kvelden.

– Dette kan vera veldig forstyrrande for dei som bur i huset, og vi vil følgja opp i det forebyggande sporet.

– Vi er også takksame for at folk melder ifrå om dei ser noko urovekkande, vi må ta vare på skulebygga våre i kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.