Var på åstaden i går
Knuste ruter, tømt pulverapparat og ope hesteibeite (!).

I går formiddag fortalte politiet at det i løpet av helga blei oppdaga innbrot og hærverk på nedlagte Hegglandsdalen barneskule.

I løpet av dagen var dei og undersøkte åstaden.
– Det var fleire knuste ruter, tagging og mykje boss på staden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Også eit pulverapparat var tømt i bygget.
– Vi har i utgangspunktet bestemt oss for å fjerna pulverapparat frå bygg som står ubrukte, seier leiar for drift av kommunal eigedom, Dag Søfteland.
– Men her var det dessverre eitt som sto igjen.
I fjor var det blant anna hærverk og bruk av pulverapparat i Fjellheim.

– Patruljen snakka med nokon på staden. Dei sa at hærverket skjedde for to veker sidan.
Eit hestebeite var også opna. Politiet lukka det og varsla eigar, som sette pris på å få beskjed.
I tillegg blei det litt før klokka 20 i går funne ein hund i Smiebakken.
– Innringar kunne ikkje ha huinden heime lenge, for den gjekk ikkje godt i lag med katten vedkomande hadde. Dermed blei hunden levert til Viking.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.