Kultur | 14. jan. 2019

Fekk kyrkje i premie

7. trinn ved Lunde barneskule leverte 14 av 65 bygg til peparkakebygda. Det fortener ein stor premie.

Fekk kyrkje i premie
Enkelte stussa då kyrkja skulle delast i mindre peparkakestykke, andre gjorde rivearbeidet unna på effektivt vis. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 14. jan. 2019 13:30

Bildeserie:

Så langt, så bra. (Foto: KOG)
Så langt, så bra. (Foto: KOG)
Berre litt til no ...  (Foto: KOG)
Berre litt til no ... (Foto: KOG)
Akkurat her angra Lindborg litt på at han hadde invitert pressa med seg.  (Foto: KOG)
Akkurat her angra Lindborg litt på at han hadde invitert pressa med seg. (Foto: KOG)
Kontaktlærar Sara Sætre Lindblom har lagt fram verktøyet.  (Foto: KOG)
Kontaktlærar Sara Sætre Lindblom har lagt fram verktøyet. (Foto: KOG)
Mange av elevane stussa litt då dei kom inn i foajeen og fekk sjå dette.  (Foto: KOG)
Mange av elevane stussa litt då dei kom inn i foajeen og fekk sjå dette. (Foto: KOG)
Fleire var raskt ute med å melda seg til rivingsteneste.  (Foto: KOG)
Fleire var raskt ute med å melda seg til rivingsteneste. (Foto: KOG)
Første slaget  (Foto: KOG)
Første slaget (Foto: KOG)
-var noko forsiktig.  (Foto: KOG)
-var noko forsiktig. (Foto: KOG)
Her må det kraftigare lut til!  (Foto: KOG)
Her må det kraftigare lut til! (Foto: KOG)
Noko slikt.  (Foto: KOG)
Noko slikt. (Foto: KOG)
Og med det var jula over. (Foto: KOG)
Og med det var jula over. (Foto: KOG)
Ekstra kjekk skuledag på Lunde barneskule i dag.  (Foto: KOG)
Ekstra kjekk skuledag på Lunde barneskule i dag. (Foto: KOG)
1 av 12

Det var ein noko nervøs leiar for Os Sentrumsforening som opna bagasjeluka på bilen sin, vel framme på Lunde barneskule.

Ikkje berre var føret ut til skulen prega av snøvêret, men bak i bilen hadde William Lindborg ein stor, men skjør premie.

Storproduksjon på Lunde

Lindborg fortel om gode tilbakemeldingar på peparkakebygda som i år vart plassert dei tidlegare lokala til Os Blomsterservice.

– Vi har fått veldig god respons frå publikum om at dette var eit flott førjuls-tilskot i sentrum. Vi har allereie bestemt oss for å halda fram med dette, og neste mål er å få til ei løysing kor ein kan koma inn i eit lokale for å sjå på peparkakebygda.

– Dette er litt ressurskrevjande i høve til bemanning og tilsyn av lokalet, men eg vonar vi finn ei løysing på det. Nett no er det heldigvis lenge til jul …

Lindborg fortel at planen var at det skulle trekkjast éin vinnar blant alle bidraga som kom inn, men då det etterkvart kom fram at 7. trinn på Lunde barneskule stod bak heile 14 av bidraga var saka enkel; heile trinnet får prisen.

Kyrkje til å eta opp

I tillegg til is og refleksar har Lindborg med seg Os kyrkje i bagasjerommet. Nærmare bestemt peparkake-modellen av kyrkja som Hannes Konditori og Musikkbar laga til utstillinga.

– Heile kyrkja er etande, og Hannes-gjengen var oppteken av at ho helst skulle etast, og ikkje hamna rett i Rådalen. No får vi berre håpa at ho har tålt turen ut hit. Akkurat no angrar eg kanskje litt på at eg invitererte pressa med ut hit.

– Det er kyrkja vår! Skal vi knusa ho? Skal vi eta ho?

Vel inne, og med Lindborg sine skuldre synleg lågare fortel kontaktlærar, Sara Sætre Lindblom elevane om den kjekke e-posten ho fekk frå Lindborg førre veke.

Elevane har allereie byrja å skjøna teikninga, og fleire melder seg raskt til rivingsteneste.

Samtidig såg det ut til å vera med blanda kjensler at elevane gjekk laus på byggverket.

Etter ein kort hyllest frå Lindborg og eit diplomatisk val, får tre elevar eitt slag mot kyrkja kvar.

Nummer to i rekkja tok med eit solid sideslag såpass i at kyrkja med det var eteklar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.