Lokal | 04. jan. 2016

Fekk mekka i fred på stolen moped

Mopeden blei stolen i november, funnen, men oversett i desember - og forsvunnen i går.

Fekk mekka i fred på stolen moped
Bildet til venstre er mopeden før den fekk nye dekk og blei stolen - bildet til høgre er av mopeden som blei mekka på i skogen i Nordmarka. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. jan. 2016 21:12

Bildeserie:

Då Midtsiden var på staden søndag var resten av mopeden fjerna. (Foto: KVB)
Då Midtsiden var på staden søndag var resten av mopeden fjerna. (Foto: KVB)
Nokre få delar låg igjen under ein presenning. (Foto: KVB)
Nokre få delar låg igjen under ein presenning. (Foto: KVB)
1 av 2
Då Midtsiden var på staden søndag var resten av mopeden fjerna. (Foto: KVB)
Nokre få delar låg igjen under ein presenning. (Foto: KVB)

Fredag 1. juledag sjekka politiet ein mann som sto og skrudde på ein moped, godt skjult på ein traktorveg i Nordmarka.

Politiet fann ikkje noko anna å reagera på enn at mannen hadde mindre mengder narkotika på seg. Mekkinga kunne halda fram gjennom romjula.

Men så blei ein annan mann tipsa om den noko mistenkelege aktiviteten i skogen.

– Tydeleg at dette er vår moped

Det var nyttårsaftan på dagtid at Vidar Hjelle blei tipsa om den delvis demonterte mopeden. Sonen hans, Andreas, hadde blitt fråstolen mopeden sin berre seks veker tidlegare.

– Det er heilt tydeleg at dette er same moped. Også delane som låg i salen, blant anna ei ny oljekanne og to nye dekk, er identisk, seier Vidar.

Han undrast over at ikkje politiet sjekka eigarforholdet betre, ikkje minst fordi mannen som mekka på den sto skjult i skogen.

Mopeden sto 50 meter opp ein traktorveg nær starten på stien mellom Nordmarka og Tøsdal.

– Det er sikkert ikkje enkelt å oppklara sykkel- eller mopedtjuveri, men her vil eg seia at dei hadde ein gylden sjanse.

Prøvde å varsla politiet

Fleire gongar nyttårsaftan prøvde Hjelle å få kontakt med politiet.

– Eg ville at dei opplysa om eigarforholdet og be dei sikra resten av mopeden. Det er ein dyr og spesiell sykkel til over 30.000 kroner, med kostbare delar og to heilt nye dekk.

– Men eg kom dessverre aldri gjennom på 02800.

Då Midtsiden var på staden søndag på dagtid var mopeden fjerna.

Konfirmasjonspengar og eigenandel

Denne mopeden er den andre familien har fått fråstolen i 2015. Også den førre blei det berre funne delar av.

– For det første er dette veldig trist for ungane, som bruker konfirmasjonspengar og sparepengar på å få seg eit transportmiddel. For det andre er det dyrt med fleire tusen kroner i eigenandel to gongar på eitt år.

– Det er irriterande at desse som driv med dette berre kan gå og henta seg ein moped, trilla den ut i skogen og plukka den frå kvarandre.

Vil sjekka nærmare

Os lensmannskontor kan ikkje svara på kvifor det ikkje var enkelt å koma gjennom på 02800 nyttårsaftan.

– Eg vil sjekka kva som gjer at det ikkje blei oppdaga at denne var stolen, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei som var på vakt første juledag var ikkje på jobb måndag.

– Eg ser at det står notert at dei ikkje fann rammenummeret, det er alt eg førebels kan seia.

Personalia på mannen som mekka på mopeden er kjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.