Lokal | 03. nov. 2015

Fekk melding om hissig køyring

Først var politiet og leita etter ein bil som hadde vore i grøfta, så stoppa dei tre mopedar på Ulvensletta.

Fekk melding om hissig køyring
Politiet stoppa tre mopedar på Ulvensletta i går. Alle fekk køyra vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. nov. 2015 08:32

Klokka 17 i går køyrde politiet inn Hegglandsdalsvegen etter at det kom melding om utforkøyring.

– Ein bil skal ha hamna i grøfta mellom Rolvsvåg og Hegglandsdalen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Den grå varebilen var ikkje på staden då politiet kom fram.

1 av 3 stoppa

I 19.30-tida fekk politiet melding om hissig køyring med mopedar på Ulvensletta.

– Vi fann tre mopedistar i området. Først var det berre éin av dei tre som stoppa, men dei to andre snudde og kom tilbake.

– Dei fekk muntleg beskjed om å køyra fint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.