Kultur | 23. juni 2021

Fekk pris i Las Vegas

Halfdan Hallseth vann månadens pris for beste regidebut for kortfilmen «Ransom».

Fekk pris i Las Vegas
Halfdan Hallseth (th) saman med Jon Aamaas i kortfilmen. (Foto: Fjord Productions/Isabel Furhovde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juni 2021 07:00

I slutten av april blei det klart at kortfilmen «Ransom» ville få premieren sin på ein festival i New York.

Les ògFilm frå Bjørnafjorden får premiere i New York

No har filmen vunne pris i Las Vegas.

– Den vann pris i kategorien «Best 1st time Director, short film» på Vegas Movie Awards, fortel Hallseth.

Dette er regidebuten hans, og Hallseth deler prisen med co-regissør Hanne Catrine Andersen.

Filmen er laga i Os av filmfolk frå Bjørnafjorden, med unntak av Emmy-vinnande Sarah Daly frå Skottland, som gav manuset sitt til Fjord Productions.

– Vi har så vidt byrja å senda filmen ut til festivalar, det er litt ulike fristar hos dei forskjellige.

– Men premiere i New York og pris i Las Vegas er jo veldig stas, synest han.

– Las Vegas høyres jo stort ut. Kva veit du om festivalen?

– Ikkje så mykje, men dei framstår som profesjonelle, og filmfolk eg har snakka med snakkar varmt om denne.

Vegas Movie Awards deler ut fleire prisa kvar månad. Her er lista over alle for juni.

Ransom er spelt inn i blant anna Søre Øyane, der ei jente skal kidnappast frå huset på filmcoveret. (Fjord Productions)
Ransom er spelt inn i blant anna Søre Øyane, der ei jente skal kidnappast frå huset på filmcoveret. (Fjord Productions)

– Kva blir neste mål?

– Vi har fleire vi skal senda den til, og all merksemd er kjekt å oppleva. Det hadde også vore kjekt å visa den lokalt, å få plass på BIFF (i Bergen) hadde vore fint. Vi vil prøva oss der også.

– Er de i gang med neste prosjekt?

– Eg er mest opptatt med reklamefilm om dagen, og å jobba litt med å få fotfeste bak eller framfor kamera utanlands. Eg har ein manager i USA og er i dialog med ein agent her i Europa.

Ransom er ein svart komedie som handlar om to mindre begava menn (Halfdan og Jon) som skal kidnappa ei ung jente (Victoria). Så tar ting ei uventa vending.

«Ransom»
Regi: Halfdan Hallseth
Manus: Sarah Daly
Produsent: Jon Vangdal Aamas
Co-regissør: Hanne Catrine Andersen
Foto: Isabel Furhovde
Hovudroller: Halfdan Hallseth, Jon Vangdal Aamas og Victoria Hallseth
Ein film av Fjord Productions

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.