Sport | 18. juni 2018

Fekk revansje - tok seg til kvartfinale i NM

Nore Neset/Os J15 slo Gneist og er vidare i Adidas Cup.

Fekk revansje - tok seg til kvartfinale i NM
Jubel etter 3-1-siger over Gneist i 1/8-finalen i Adidas Cup laurdag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juni 2018 08:58

Etter 7-0-siger over Nordhordland i første kamp i puljespelet tapte Nore Neset/Os J15 0-1 for Gneist på Kuventræ i slutten av mai.

Siste kamp i innleiande runde gjekk mot fjorårsfinalist Bryne. Laga møttest i Haugesund og Nore Neset/Os tapte 2-6.

– Vi var allereie vidare som ein av dei beste puljetrearane, og fekk sjanse til å ta revansje då vi laurdag møtte Gneist i 1/8-finale fortel ein av trenarane, Morten Døsen.

Den sjansen let ikkje jentene gå frå seg.

Tre mål og strafferedning

Nore Neset/Os J15 har med seg seks yngre jenter i troppen, fem av dei er fødd i 2004 mens Nora Blindheim Nøss er yngstemann, fødd i 2005.

– Vi fekk heldigvis spela på Liland, ikkje på den vesle banen Gneist-jentene ofte bruker på Hjellestad. Med stor bane blei det mykje rom, og enklare for oss å gjennomføra den spelande stilen vår.

Nore Neset/Os gjekk i føringa etter hard jobbing på midtbanen, ball ut på ving, innlegg og pasning gjennom til Andrine Kvittingen.

1-0 sto seg til pause.

Celina Døsen snappa ballen frå ein Gneist-back ni minutt ut i 2. omgang og banka ballen i nettaket til 2-0. I 63. minutt (kampen går over 2 x 40 minutt) reduserte Gneist på corner, men seks minutt seinare auka Celina til 3-1.

To minutt før slutt fekk Gneist straffe, men Anna Noss Nordvik slengte seg rett veg, heilt til stolperota, og sikra ein fin 3-1-siger.

VIDEO: 2-0- og 3-1-skåringa og strafferedninga
(Artikkelen held fram under videoen)

Troppen i kampen laurdag: Anne Noss Nordvik, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Foldrup, Thale Strønen Skeie, Malin Solstrand Ludvigsen, Kine Ullensvang Moland, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen, Astrid Mathilde Mjånes, Hedda Stamnes Lindbom, Nora Blindheim Nøss, Karoline Louise Hevrøy, Anna Rød, Hilde Elisa Davidsen-Tingvatn og Leah Bårtvedt.

Til kvartfinale

Nore Neset/Os er no i kvartfinalen i Adidas Cup, som blir sett på som uoffisielt NM i ungdomsfotball.

Kvartfinalen går mot Kongsvinger ein gong over sommarferien. Dato og stad er førebels ikkje bestemt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.