Tysnesfest fekk samrøystes svar
Festivalsjef takkar for støtte-erklæringar.


I dag har Tysnes kommunestyre behandla sak om støtte til Stiftinga Tysnesfest, som slit etter to år med store underskot.
Støtte og sletting, i sum 300.000 kroner, er ikkje nok.
Dei treng det tidoble, men det er første steg i ein redningspakke festivalleiinga håper å få i boks.

Administrasjonen var negativ i si innstilling, mens festivalleiinga ønskjer helst å gjera opp for seg. Å slå festivalen konkurs og starta opp igjen, var ikkje eit alternativ.
I formannskapet sa politikarane ja, det gjorde dei òg i eit samrøystes kommunestyre i ettermiddag.
– Tusen takk til politikarane og kommunestyret som gjekk inn for å bidra i redningspakken! Dette betyr enormt mykje, og dannar eit sterkt og tydeleg grunnlag for at resten av pakken kan koma på plass, sriv dagleg leiar Øystein Vaage på Facebook.
Han takkar samtidig for mange støtte-erklæringar festivalen har mottatt den siste tida.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.