Øyafest | 09. sep. 2023

Skal spela sjømannsrock på Sundøy Arena

Øyafest slepp nok eit band til 2024-festivalen.

Skal spela sjømannsrock på Sundøy Arena
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. sep. 2023 14:00

I august kom Øyafest med dato og første band.

Øyafest 2024 går av stabelen frå 1. til 3. august neste år.

Vinskvetten skal spela i teltet fredagen, her er første slepp utanom turbotrubadur Goggen om laurdagen:

Pakkers er klare for Øyafest!

– «Siste Sjømannssang» har rulla på nachspiela her i Øyane i årevis, no er det på tide å få dette populære bandet på scenen her ute, seier festivalsjef Ivar Bøthun.

– Dei er veldig gode og ivrige live, og speler omtrent kvar helg på ulike stadar mellom Stord og Stavanger.

Pakkers er tidlegare kjent som Matpackers. Bandet er frå Vindafjord i Rogaland, og platedebuterte i 1998 med albumet Tviarbeid.

Etter albumet Hedersmann i 2005 skifta dei namn til Pakkers.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.