Kultur | 28. aug. 2020

Fekk testa ny restaurant

I kveld opnar Elvehuset.

Fekk testa ny restaurant
Familien Skorpen var blant dei oppunder 30 gjestane som fekk testa Elvehuset onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. aug. 2020 08:41

Bildeserie:

Skilt på plass: Frå Baronessen til Elvehuset. (Foto: KVB)
Skilt på plass: Frå Baronessen til Elvehuset. (Foto: KVB)
Kjell Arne Haringstad skal på scenen i 2. etasje i morgon. Her saman med musikarkamerat Frode Holmefjord. (Foto: KVB)
Kjell Arne Haringstad skal på scenen i 2. etasje i morgon. Her saman med musikarkamerat Frode Holmefjord. (Foto: KVB)
Italiensk bakst. Og nei, det er ikkje pizza. (Foto: KVB)
Italiensk bakst. Og nei, det er ikkje pizza. (Foto: KVB)
Heimekverna kjøt og heimelaga coleslaw. (Foto: KVB)
Heimekverna kjøt og heimelaga coleslaw. (Foto: KVB)
Kollegaer frå Catten fekk òg smaka på menyen. (Foto: KVB)
Kollegaer frå Catten fekk òg smaka på menyen. (Foto: KVB)
1 av 5

I juli fortalte prosjektleiar Jostein Eck og eigar Bjarte Andersen om utviding til to etasjar på Baronessen.

Den nedste etasjen er innreidd som pub og restaurant. Puben opna i slutten av juli, som avlasting for den etablerte livepuben i andre etasje.

For å understreka starten på ein ny epoke, har serveringsstaden endra namn frå Baronessen til Elvehuset.

No er kokkane, kjøkkenet og servitørane klare - i kveld opnar restauranten.

– Vi har vore heldige og fått med oss to flinke kokkar, seier Jostein og sambuar Irene Strønen.

Irene (i midten) har fått med seg tidlegare kollega på Solstrand, Anita Moberg, og Andrea Njøten frå Catten. (Foto: KVB)
Irene (i midten) har fått med seg tidlegare kollega på Solstrand, Anita Moberg, og Andrea Njøten frå Catten. (Foto: KVB)

Frå å berre ha ope i helgene, blir det frå dag til kveld sju dagar i veka for Jostein og Irene med mannskap.

Onsdag var det stresstest for oppunder 30 inviterte gjestar.

Linn Helen og Bjørnar lagde over 150 rettar på 2 timar

Linn Helen Karlsen er frå Fredrikstad, men bur i Os og har den siste tida jobba på Wesselstuen i Bergen. Tidlegare var ho å sjå på Engeline.

– Eg blei, som mange andre, koronapermittert i vår. No er eg glad for at eg har fått jobb i mi nye heimbygd, og på ein restaurant som vil ha ein form for meny som eg både liker og har erfaring med; heimelaga husmannskost.

Med på laget er òg Bjørnar Alvsvåg Folgerø, som i tillegg framleis jobbar på både Solstrand og Osøyro Kolonial, i tillegg til nokre dosar internasjonal kokekunst.

Bjørnar og Linn Helen fekk nok å henga fingaren i. (Foto: KVB)
Bjørnar og Linn Helen fekk nok å henga fingaren i. (Foto: KVB)

Han har tidlegare vore i Kina for å koka, og måtte i vår heim frå Canada grunna korona.

– Nett no jobbar eg overalt, men dette er kjekt å vera med på ved sidan av det andre, seier Bjørnar.

Kokkane fekk verkeleg prøvd seg, då dei lagde 120-130 hovudrettar, rett nok i redusert storleik på porsjonane, og rundt 40 dessertar.

– Gler oss til å eta full porsjon

Gjestane var slekt, vener og kollegaer frå Catten.

– Vi er inhabile, understreker éin av dei, tidlegare rådmann Lars Atle Skorpen.

– Om du likevel vil høyra kva vi synest, så har eg smakt på alt, bromse, oksegryte, fiskesuppe, pasta og den friskaste av dei to dessertane. Eg likte alt, og vi gler oss til å eta full porsjon ein dag etter opning.

– Kva blir det første du bestiller full porsjon av når du skal ned igjen?

– Det blir nok brosma, den var nydeleg!

Skorpen seier han heiar på alle som prøver å skapa gode serveringstilbod i Os, spesielt etter at koronapandemien kom.

– Vi, som mange andre, var bevisste på å bruka lokale restaurantar og butikkar då koronaen kom, og vi har òg gjennom sommaren vore mykje meir ute og spist enn andre. Det er kjekt for heile bygda at det er eit variert og fint tilbod.

Fiskesuppe var blant rettane gjestane fekk smaka onsdag. (Foto: KVB)
Fiskesuppe var blant rettane gjestane fekk smaka onsdag. (Foto: KVB)

Bjørg (88) og Odvar (90) hjelpte til i innspurten

I juli viste vi korleis tusenkunstnar Jostein, på lågt budsjett, hadde vore kreativ og fått mykje ut av kronene då han innreidde restauranten.

I innspurten onsdag var både mamma Bjørg, som tidlegare dreiv kunstbutikk i Os sentrum, og pappa Odvar, med og hjelpte til.

– Eg sa det til han, då han var ung, at han burde blitt snekker, seier Bjørg mens ho dekorerer og brettar serviettar rundt bestikket.

Jostein fekk hjelp av Bjørg og Odvar i innspurten. (Foto: KVB)
Jostein fekk hjelp av Bjørg og Odvar i innspurten. (Foto: KVB)

Så sender ho mannen eit ærend med bil.

– Han kjøpte seg nettop ny bil. Seljarane undra seg litt då han skreiv fødselsåret sitt på kontrakten, humrar Jostein.

Bilkjøpar Odvar er fødd i 1930 ...

– Eg må berre få seia at mitt bidrag til denne restauranten er svært beskjeden, påstår Odvar.

– Han har lang og god erfaring innan finans, og hjelper meg meir med det administrative. Det har han gjort i alle år, seier Jostein.

Spent før første test av restauranthuset

Frå rolege fredagar og livlege laurdagar går Irene og Jostein no inn i ei tid med ope sju dagar i veka.

– Vi skal ha ope frå formiddag til tidleg kveld i vekedagane, og seinare i helgene. Kokkane skal òg få laga klart noko som enkelt kan seljast varmt etter midnatt i helgene.

Restauranten opnar i kveld, i morgon er det ope i begge etasjar, med konsert med Blue Note Shuffle i andre etasje.

Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.