Då dei nye drivarane av Engeline søkte om skjenkeløyve, etter å ha skjenka på førre drivar sitt løyve i starten, skjedde det ein glipp frå søkjar si side.
Dei hadde skjenking til 2 om natta frå før, men søkte til 1 og fekk dette innvilga.
– Vi har hatt tre helger der vi har mista denne siste timen, og trudde vi måtte venta til 23. juni med å få svar på søknad om endring, seier medeigar Monica Lyssand.
Gleda var derfor stor då dei denne veka fekk positivt svar på søknaden om endra løyve.
Tre av sju
– No kan vi servera til klokka 2 og halda ope til 2.30 sju dagar i veka!
– Den siste timen er viktig for oss. Folk kjem ofte tidleg, torsdag hadde vi bra med folk heile dagen og samanhengande utover ettermiddag og kveld. Men det aukar ofte på rundt midnatt. Då er det ikkje kjekt å stenga serveringa ein liten time etter at gjestane har kome.
Det er berre tre kveldar i veka at Engeline vil skjenka til klokka 2, dei har likevel søkt om utvida skjenking alle dagar i veka.
– Det er for å unngå å måtta stenga tidleg på første juledag, onsdag før skjærtorsdag og liknande dagar, slik fleire andre utestadar nyleg fekk utfordring med, fortel Monica.