Kultur | 26. mars 2019

Fekk toppkarakter som butikkslaktar

– Eit godt alternativ, synest Celine Hauge, som nesten var ferdig med kokkefagbrevet då ho tok ho kniven i den andre handa.

Fekk toppkarakter som butikkslaktar
Celine Hauge får framleis laga ferdige rettar, men har òg blitt faglært med sag og kniv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. mars 2019 16:20

Bildeserie:

Celine under fagprøven i går.
Celine under fagprøven i går.
Den danske fiskeretten «stjerneskot» var blant det ho lagde til sensorane.
Den danske fiskeretten «stjerneskot» var blant det ho lagde til sensorane.
Lam sto òg på menyen.
Lam sto òg på menyen.
«Meget bestått» meinte sensorane. Læremeister Peter Moesgård til høgre.
«Meget bestått» meinte sensorane. Læremeister Peter Moesgård til høgre.
1 av 4

Som 17-åring starta Celine Hauge på kokk- og servitør ved Fusa vidaregåande skule. Omtrent samtidig fekk ho deltidsjobb på Spar på AMFI Os.

Då ho nokre år seinare var i lære, men læreplassen la ned, blei ho tipsa om ein annan matrelatert retning.

– Sånn eg erfarer det er det ein god arbeidsmarknad for butikkslaktarar, men det er i periodar mangel på lærlingar, seier baker og kokk Peter Moesgård ved Spar på AMFI Os.

Spar sin ferskvaredisk er ifølgje utdanning.no ein av berre fem godkjente lærebedrifter i bergensområdet i dette faget. Dei fire andre er i Bergen.

Gunstig arbeidstid

– Eg trengte eitt år på skule innan faget før eg no blei ferdig med læretida på to år.

I mellomtida har ho blitt mor og hatt morspermisjon.

– Ein god arbeidsmarknad var interessant, det same var arbeidstidene. I dette faget kan det av og til bli ei kveldsvakt, men då står du til klokka 20, ikkje som mange kokkar, som jobbar utover kveldane i helgene.

Tok fagbrev med toppkarater

I går gjennomførte ho fagprøven med «meget bestått», som er beste moglege karakter, som resultat.

Det blei òg gjeve karakter, 5,65 av 6. At ho tok feil skjerefjøl til den eine råvara gav trekk, rett fjøl ville gjeve ho den beste karakteren i Hordaland på fire år.

– Celine har vore veldig engasjert og vist stor interesse for faget, seier læremeister Moesgård.

Jobb og matlaging

Til fagprøven måtte Celine visa ulike delar av det å driva ein ferskvaredisk. Ho lagde ein ein populær dansk lunsjrett som blir kalla «stjerneskot», som består av ulike typar fisk, middag av lam og ulike salatar.

Ein butikkslaktar skal ha kunnskap om kjøtt, fisk og frukt, alt frå å behandla ein heil skrott frå eit dyr til å laga gode varme og kalde rettar, frå planlegging og kalkyle til kundekontakt og rådgjeving.

– Parallelt med fagbrev som kokk hadde eg uansett plan om å ta fagbrev som slaktar. Å forstå råvarene vil gjera meg til ein betre kokk, tenkte eg. Eg er glad for at også dette faget handlar om å laga mat.

Allereie før fagbrevet var bestått fekk ho jobbtilbod frå to ulike ferskvarediskar i Bergen. Ho takka ja til Coop Mega på Lagunen, og har sin siste dag på Spar førstkomande torsdag. Peter må venta til hausten før han får inn ny lærling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.