Fekk tre meldingar om sint mann med krykke
Slo frå seg på bosspann i sentrum og på senteret.

Tysdag formiddag fekk politiet melding om ein person som oppførte seg aggressivt på Amfisenteret.
Mannen skal ha slått eit antibacstativ med ei krykke og delar av eit bosspann.
Då politiet kom til Amfi kunne dei ikkje finna mannen.
– Det blei oppretta sak på skadeverk, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Seinare same dag, rundt klokka 14, fekk politiet ei ny melding om same person.
Politiet dro tilbake til AMFI Os og fann mannen.
– Mannen i 20-åra fekk pålegg om å halda seg borte frå senteret resten av dagen.
Mannen blei også observert i Os sentrum. Her skal han også ha slått nokre bosspann med krykka si.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.