Fekk tre presangar av Alexander
Trenar Svenningsen fekk sesongens første tre poeng på bursdagen sin, då Alexander Thuen sette inn tre mål for Søre Neset/Nore Neset. I morgon er det heimekamp.
Søre Neset/Nore Neset 1 har styrka stallen godt i vinter, men starta sesongen med berre eitt poeng på to kampar.
– Mot spelets gang i begge to, vil eg seia.
– Vi leia 1-0 og kjørte Eikelandsfjorden skikkeleg, men tapte 1-2 etter to kontringar, seier Svenningsen.
Tronge kår
Borte mot Sædalen, på ein mindre bane enn den Søfteland har, sørgja Thomas Halhjem og Egil Thuen for 2-0-leiing.
Men vertane fekk straffe imot og klarte seinae å utlikna.
– Vi sto på og skapte mykje, var sikkert seks gongar åleine med keeper, men klarte ikkje å ta leiinga igjen.
Det enda 2-2 i 2. runde.
Suveren mot Øystese 2
Øystese 2 starta sesongen med 10-2-siger over Samnanger, men gjekk som Søre Neset på ein 1-2-smell for Eikelandsfjorden.
Laurdag, på bursdagen til Svenningsen, tok dei imot Søre Neset, som leia 1-2 til pause.
– Heldigvis var Alexander Thuen i storform, så vi auka til 2-6 før Øystese 2 reduserte til 3-6 på overtid.
Alexander skåra tre mål, i tillegg skåra veslebror Egil, Ørjan Bjørgo og Ruben Grindevoll.
Søre Neset speler heimekamp mot Rosendal laurdag klokka 13.
Avdelingskollega Søfteland har starta serien med to sigrar på rad.
Nore Neset/Søre Neset 2, som speler i 7. divisjon og har tre poeng etter to rundar, speler heime søndag klokka 18.