Lokal | 13. juni 2019

Fem fartsbøter på Halhjemsvegen

UP hadde kontroll to stadar i Os i går.

Fem fartsbøter på Halhjemsvegen
UP sto med laseren på Halhjemsvegen. Der var det fem som køyrde for fort, høgaste fart var 87 km/t i 70-sona. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juni 2019 07:29

Onsdag gjennomførte utrykningspolitiet to trafikkontrollar i Os, begge med fokus på fart.

Etter ein liten time på E39 Byvegen på Søfteland utan reaksjonar flytta dei seg til E39 Halhjemsvegen ved Solbakken (vekta).

Fem fekk forelegg, høgaste fart blei målt til 87 km/t. Det fører til 4700 kroner i forelegg.

Retta: Midtsiden skreiv først at dei sto på Lepsøyvegen ved Solbakken. Der er det 50-sone, ikkje 70-sone, som på E39, og derfor ikkje førarkortbeslag.

Fekk melding om uaktsam køyring med tilhengar

Politiet fekk i går melding frå Fana om ein bil med hengar på veg til Os, der meldar meinte bilen var til fare for andre, og at den hadde «voreborti ting» på vegen.

Bilen hadde retning Os og blei stoppa på veg mot Halhjem.

– Bilførar fekk tilsnakk, og blei informert om fare for førarkortbeslag om det kom fleire tilsvarande meldingar om køyringa. Vedkomande, ein mann frå Os, stilte seg uforståande til meldinga som hadde kome inn, og sa at han både hadde lang erfaring med køyring med hengar, og at han hadde køyrd fint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.