Lokal | 21. jan. 2009

Fem overdosar sidan nyttår

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. jan. 2009 10:13

Året er berre tre helger gamalt,likevel har heile fem personar i Os rokke å ta GHB-overdose i 2009.

- Vi er uroa over situasjonen. Dette er noko vi arbeider med, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden.no.

Dei fleste som har tatt overdose er unge vaksne, i starten av 20-åra. Politiet trur mørketala kan vera store.

- Kvar kjem stoffet frå? Kjenner de til større parti som har kome til Vestlandet?

- Vi har fått høyra at stoffet kan vera produsert privat. Om det er produsert i Os veit vi ikkje.

- Dei som har tatt overdose har vel vore i avhøyr?

- Det vil eg ikkje kommentera, seier Audun Hadler-Olsen.

Om GHB
GHB er ei forkorting for det syntetiske stoffet og rusmiddelet gammahydroksybutyrat. Det blir rekna som svært farleg, spesielt fordi effekten er kraftig og doseringa lett å bomma på.

Ved overdose kan brukaren svime av og hamna i koma, medan hjarta blir svekka eller luftevegane blokkerte. Overdose av GHB er vanskeleg å behandla.

GHB kjem i pulverform, tablettar eller flytande på små flasker. Flytande er mest vanleg.

Små dosar kan gje oppkvikkande rus, større mengde kan gje sløvande effekt, gjera brukaren aggressiv eller skapa sansebedrag.

Stoffet er svært farleg å bruka saman med alkohol.

Kjelde: Wikipedia.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.