Fem tilbod på E39
E39 Svegatjørn-Rådal: Statens Vegvesen opna i dag tilboda på første entreprisen. – Vi er godt nøgd med interessa og prisnivå, seier prosjektleiaren.
Statens vegvesen har fått fem tilbod på gjennomføring av K11-kontrakten i samband med bygging av ny E39 Svegatjørn – Rådal. Denne kontrakten omfattar arbeid med tunnelsprenging og vegbygging på den nordlege delen av motorvegprosjektet mellom Bergen og Os, i området mellom Rådal, Nordås og Flyplassvegen i Bergen kommune.
Desse har gitt tilbod på oppdraget:
NCC 1 711 mill.kr.
Implenia 1 463 mill. kr.
Skanska 1 572 mill. kr.
Veidekke 1 651 mill. kr.
Aldeso 1 690 mill. kr.
Godt nøgde
Frist for levering av tilbod på bygging av den sørlegaste delen av anlegget, K10-kontrakten for tunnelsprenging og vegbygging mellom Svegatjørn i Os kommune og Fanavegen i Bergen kommune – er sett til 5.mai.
– Vi er godt nøgde med interessa og prisnivået, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.
– Vi skal no kontrollrekne tilbodssummane. Vidare skal vi vurdere om tilbydarane oppfyller gitte krav til kvalifikasjonar.
– Målet vårt er å kunne skrive under båe dei to store kontraktene på E39 Svegatjørn – Rådal i månadsskiftet juni-juli.
– Dersom vi får dette til vil, anleggsarbeidet kunne ta til kring 1.september på K11 og 1.oktober på K10, seier Ottesen.
Prosjektet har ei total styringsramme på 6,5 mrd. kr.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.