Fergetrøbbel og bilistar med hasj
OPPDATERT: Brannvesenet måtte bistå MF «Færøy» - to køyretøykontrollar resulterte i beslag og mistanke om ruskøyring.
Like før klokka ti i går kveld stoppa politiet ein bil i Byvegen. Føraren av bilen, ein mann i 30-åra, er mistenkt for køyring i ruspåvirka tilstand etter å ha røykt hasj før han la ut på bilturen. Politiet melder at det vart teke blodprøve av mannen og sak er oppretta.
Ein annan bil vart stoppa i området Søre-Neset i fem-tida i dag tidleg. Her vart det funne mindre mengder hasj på ein mann i 20-åra. Mannen var passasjer i bilen. Avhøyr vart gjort på staden, og sak er oppretta melder politiet.
Tok inn vatn i maskinrommet
I halv sju-tida i dag tidleg måtte brannvesenet hjelpa til på Halhjem fergekai. Ei av ferjene på sambandet Halhjem-Sandvikvåg, MF «Færøy» trong hjelp med lensing etter problem med ei pumpe. Brannvesenet la ut lenser for å hindra eventuell forureining av sjøen.
BT.no melder at det skal ha fossa vatn inn i maskinrommet, og ei stund var det ikkje kontroll over situasjonen. Det vart meld trippelvarsling til naudetatene, og Hovedredningssentralen i Sør-Norge vart varsla. Etter kort tid fekk mannskapet på ferja fart på pumpene att, og situasjonen kom under kontroll
Ferja var ikkje i trafikk, men låg til kai då hendinga oppstod.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.