Lokal | 03. feb. 2019

Ferje fekk motorstopp - måtte slepast til land

6 timar etter at den la frå land var Bastø 2 og 102 passasjerar tilbake på Halhjem.

Ferje fekk motorstopp - måtte slepast til land
Slepet varte frå klokka 15 til 19. (Foto: Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. feb. 2019 20:16

Bildeserie:

Slepet starta klokka 15.09. (Lesarbilde, foto: Fredrik Fosse)
Slepet starta klokka 15.09. (Lesarbilde, foto: Fredrik Fosse)
Det skal ha blitt krevjande å få den inntil kai på Halhjem. (Foto: Erik Ask)
Det skal ha blitt krevjande å få den inntil kai på Halhjem. (Foto: Erik Ask)
1 av 2
Slepet starta klokka 15.09. (Lesarbilde, foto: Fredrik Fosse)
Det skal ha blitt krevjande å få den inntil kai på Halhjem. (Foto: Erik Ask)

Ferja som gjekk frå Halhjem mot Sandvikvåg klokka 13.30 søndag, fekk motorstopp cirka eit kvarter etter at den la frå land.

Klokka 13.49 blei Hovedredningssentralen varsla om at Bastø 2 låg midt i Bjørnafjorden, og framleis ikkje hadde fått start på motoren.

Det var 102 passasjerar om bord.

Samba Marin reiste ut med MS «Molly», som byrja slepet klokka 15.09.

Ifølgje Bergens Tidende blei slepet styrka med «Server» i 16.45-tida, men ferja var først til land igjen på Halhjem klokka 19.16.

Torghatten Nord, som leiger ferjer frå Bastø Fosen og Fjord1 mens dei venta på sine eigne nybygg til kontrakten dei starta på 1. januar, meldte klokka 16.32 om kansellerte avgangar frå Halhjem klokka 16.50 og 20.10, og frå Sandvikvåg klokka 17.40 og 21.00.

MF «Marstein» er sett inn som erstattar, men går ikkje like fort.

• Les òg: Trøbbel med nye ferjen på Halhjem-Sandvikvåg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.