Fersk bilførar mistenkt for promille

Passasjerane sprang frå bilen då dei såg politiet.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. mai 2021 09:39

Klokka 03.30 natt til måndag andre pinsedag blei ein bil stoppa på Moberg.

– Passasjerane, nokre ungdomar, sprang frå bilen. Bilførar bles til 0,74 i promille, og blei tatt med til legevakt for blodprøve, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar er ein gut i slutten av tenåra.

– Han erkjent straffeskyld, men samtykka ikkje til førarkortbeslag. Sak er oppretta.

Køyrde feil veg gjennom rundkøyring

Natt til i dag, i 04.30-tida, blei ein bilist stoppa på Ulvenvegen.

Bilførar, ein mann i starten på 20-åra, hadde blitt observert då han køyrde feil veg gjennom den nye rundkøyringa mellom Ulvenvegen og E39.

Bilførar fekk eit forelegg på 5.850 kroner.

Det har elles vore ei roleg pinsehelg for politiet.

Laurdag kveld og natt til søndag var ei melding om støy frå fest det einaste dei hadde å meddela pressen.

Måndag kveld blei eit. område sperra etter funn av ein metallgjenstand som etterkvart viste seg å vera ufarleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.